Dette innlegget er skrive av Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven , og Gunnar Silden, ordførar i Stad.

Stad skipstunnel er eit samferdsleprosjekt med lang historie. Heilt sidan 1874 har ein arbeidd kontinuerlig for å sikre trygg segling gjennom Stad, for å berge liv, last og sikre kontinuitet og bærekraftig transport.

Tunnellen fekk sitt endelege gjennomslag i Stortinget i 2021. Etter 147 år, 22 utgreiingar, utallege rapportar og omkampar, tenkte mange at den historiske sjansa til å byggje verdas første skipstunnel var sikra.

Nygård framskundar NTP med eit år, og vi står no i fare for å miste støtta til viktige samferdsleprosjekt. Dette bekymrar lokalpolitikar, som har kjempa for skipstunnellen i tiår før det endeleg landa i NTP.

Det bekymrar stortingspolitikar som vedtok bygginga, og dette bekymrar næringslivet som skulle få æra av å bidra til den storslagne skipstunnellen.

Kommunane rundt skipstunnelen brukar mykje ressursar på å legge til rette for bruk av tunnelmasser til samfunnsnyttige føremål. Dette gjer vi for å skape innovasjon i næringslivet, å vere pådrivarar for grøn omstilling, og for å utvikle eit unikt internasjonalt reisemål.

Våre kommunar har ikkje vanskar med å akseptere utsettingar av byggjestart. Vi godtek krav om miljøvennleg utdriving av tunnelmassane.

Vi syns det er flott at ein ytrar seg om at tunnelmassane skal nyttast til samfunnsnyttige føremål, framfor å bli dumpa i fjorden.

Vi er takksame for at det vert fokusert på miljøvennlege byggemåtar.

Vi set pris på utfordringar, krav og oppmodingar, for det er det som skapar bærekraftige samferdsleprosjekt.

Det vi ikkje set pris på, er at regjeringa vil framskunde NTP fordi dei hevdar at gjeldande transportplan ikkje er realistisk.

Då må dei ta omsyn til at dette skaper frustrasjon og både lokalt og nasjonalt. Nygård må ta omsyn til at dette innovative prosjektet vil betre vilkåra for trygg ferdsel langs eitt av verdas farlegaste havstykke, Stadhavet.