Av: Åge Starheim, pensjonist

Ein konsekvens av at det i åra framover vert mange fleire eldre vert det også eit aukande behov for omsorgsplassar i institusjon og omsorgsbustader, samtidig vert det også aukande behov for hjelp til eldre heime hos dei.

Det er derfor heilt utruleg at AP og SP ikkje løyver midlar til Husbankens investeringstilskott til heildøgns omsorgsplassar. Ordninga vert ikkje lagt ned, men i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023 er det ikkje prioritert midlar til dette føremålet.

I dei aller fleste kommunar er det stort behov for både å pusse opp noverande bygg, og bygge fleire sjukeheimsplassar. Ein kan få det intrykket at regjeringa meiner dette ikkje er tilfelle.

Når heller ikkje kommunane får vesentleg styrka økonomien sin, vil heller ikkje dei vere i stand til å gje sine eldre innbyggjarar den hjelp dei har krav på.

AP og SP har i sitt framlegg til statsbudsjett ikkje løyvt midlar til Eldreombodet, og ombodet vert dermed nedlagt.

Ein kan lure på om hensikta er at den funksjonen som skal passe på at dei eldre får forsvarlege tenester frå stat og kommunar skal fjernast, og dermed «slepp» regjeringa denne «vaktbikkja».

Regjeringa sitt argument for å fjerne Eldreombodet er at ombodet sin funksjon vert dekka av pasient- og brukaromboda i fylka. Dette argumentet held ikkje, då eldreombodet er eit nasjonalt ombod for alle, mens pasient- og brukaromboda er lokale tilbod for mottakarar av helse- og sosialtenester i kommunane.

Kostnadar til straum, mat og drivstoff har auka volsomt. Det er derfor svært skuffande at AP og SP ikkje har prioritert dei eldre i sitt framlegg til statsbudsjett for 2023. Det er rett og slett ei skam at minstepensjonistane ikkje får signal i budsjettet om auke i pensjon sin.

Vi lyt setje vår lit til SV i kommande forhandlingar om budsjettet med AP og SP.