Dette innlegget er skrive av FAU for skulane i Stad kommune:

På skulen skal borna utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å meistre liva sine og delta i arbeid og fellesskap. Det er på skulen at samfunnet kan hjelpe dei borna som er mest utsette i oppvekståra. Slikt arbeid er førebyggjande i høve til skulevegring, rus, psykisk uhelse, og kriminalitet. Dette er gjerne komplekse saker, som krev tiltak og oppfølging på fleire områder. Og dei krev ressursar.

Ein god skule kjem ikkje av seg sjølv. Fleire skular i Stad Kommune har hatt ein pressa bemanningssituasjon over tid. På Stårheim skule har fleire klasser vore samanslått, og elevane mista svømmeundervisning grunna manglande lærarar. Fleire av skulane har til dels stort vedlikeholdsetterslep på bygningsmasse og uteområder.

Grunna den stramme kommuneøkonomien har kommunen varsla kutt i stillingar i skulane. Korleis tenker Stad kommune å møte sin eigen plan for oppvekst og opplæring med desse prioriteringane? Kutta vil ramme skular som allereie slit med å få endane til å møtast. Dette vil gå ut over kvaliteten i skulen. Samanslåtte klasser og færre lærarar vil gi dårligare læringsutbytte, dårligare læringsmiljø, og auka sjangse for at elevar med utfordringar ikkje blir sett. Arbeidspresset for dei tilsette er allereie stort, og kutta vil auke presset enda meir. Resultatet vil bli sjukmeldingar og vikarar. Det er heller ikkje gratis. Ein kvalifisert og stabil stab er å føretrekke føre vikarar med varierande varigheit og kompetanse.

Kommunen har signalisert at kutta kan gjere at bemanningsnormen ikkje vert fulgt. Er dette tilfelle er vi pliktige å melde frå til statsforvaltaren. Det er alvorlig nok, men eigentlig eit mindre problem samanlikna med effektane av ein skule på sparebluss. Å kutte ytterlegare i skulane er å lage seg eit større problem for åra som kjem: dårligare kvalitet for elevane, redusert psykososialt miljø, og vanskeligere arbeidsforhold for lærarane. Det er å setje utviklinga av lokalsamfunnet på spel.

Stad kommune slit med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft til fleire sektorar - inkludert skulen. Men, vi er mange som har Stad kommune som vår hjartestad. Somme har budd her heile livet, andre har flytta tilbake, og ein god del har aldri budd her før. Vi er her for dei gode lokalsamfunna - og for alt det Stad har å by på: fjord, fjell og alt i mellom. Vi jobbar på sjukeheimane, skaper bedrifter og arbeidsplassar, og underviser i skulane. Ryktet om ein god stad spreier seg raskt - ein god stad å jobbe, ein god stad å vekse opp. Kvifor skal barnefamiliar velge ei kommune som ikkje prioriterer skule og oppvekst?

Vi håper vi kan fortsette framsnakkinga av Stad. Men då må kommunen vise at dei sikrar skulen. Ein god skule gir ein god Hjartestad også i framtida.