Skrive av Jørund Nygård, fylkessekretær Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Naturvernforbundet i Eid går saman med Naturvernforbundet Sogn og Fjordane om å be Stad kommune og Vestland Fylke seie nei til ny oppdrettslokalitet på Midthjell, nær Bryggja i Stad kommune.

Forundersøkingane viser at dette området har spesiell artsrikdom, og totalbelastninga på Nordfjorden frå eksisterande oppdrettsanlegg er allereie svært stor. Det pågår difor eit omfattande forsknings- og evalueringsprosjekt i Nordfjord for å redusere det høge lusenivået. Når det her skal vurderast nye avgrensingar og moglege fjerningar av lokalitetar,  vert det irrasjonelt å introdusere endå ein ny lokalitet midt i dette arbeidet.

Innspelet frå Naturvernforbundet peikar også på at nabokommunen Bremanger aktivt har satt foten ned for oppdrettsanlegg, inkludert der det var tilrettelagt i kommuneplanen, med argument om at fiskehelsesituasjonen i Nordfjord er blitt kritisk.

- «Nordfjord er blitt eit pressområde med mykje lakselus og samla påverknad frå oppdrett. Dette må vi samarbeide om å løyse, ikkje forverre no gjennom fleire anlegg. Vi er inne i FNs restaurasjonstiår, det forpliktar lokalt og nasjonalt, må ta vare på den artsrikdomen vi har i dei unike fjordane våre, ikkje påføre ytterlegare press», seier Anne-Line Thingnes Førsund, fylkesleiar i Naturvernforbundet.

- «Naturvernforbundet er ikkje prinsippielt i mot oppdrett, men det må inn i berekraftige rammer. Vi trur vi har felles mål med næringa om betre fiskehelse og mindre miljøpåverknad. Men for å få dette til, kan ein ikkje legge anlegga så tett som dei allereie er i Nordfjord», seier Thingnes Førsund.

- «Stad kommune har store verdiar innan fiske og reiseliv, samt viktige lakseelver som Eidselva. Det undrar oss dersom kommunen ikkje ser det i si interesse å fordre til måtehald på oppdrett. I grendene langs fjorden er det stor motstand mot planane, fjorden som fellesskapet sitt naturgrunnlag er svært viktig og vi i Naturvernforbundet støttar dei heilhjerta», seier Thorleif Jakobsen, lokallagsleiar i Naturvernforbundet på Eid.

- «Situasjonen for villfisken er kritisk og vi håpar at kommunen no tek leiaransvar ved å seie nei til fleire anlegg, og på å få med heile Nordfjord på ein felles handlingsplan for sikre levevilkåra for sjøaure og villaks», avsluttar Jakobsen.