Skrive av Arthur Paulsen

I 2015-16, skreiv eg fleire innlegg i lokalavisa og krigsseglarar som gav sitt liv i 2. verdskrig. Det gav grunnlaget for minnetavla som står på «gamlebanken» - Nordfjord sparebank.

Skal vi ikkje ein gong gjere oss ferdig med denne krigen frå 1940-45?

Det er sagt før.

Er det noko å rippe opp i igjen, alt det som hende for om lag 80 år sidan?

Med terroren, frykta, - og så til slutt seiersfanene, skryt, herodyrkelsen og frihetsfeiringa.

Dette er nok talemåtar som er kjent:

Kva vil dei med slike talemåtar, seie til friheitskjemparar i Ukraina og deira flyktningar sine redsler og traumer. Vert desse menneska forma?

Eg skriv som eg gjer! Det kan kanskje synes vere bagatellar ein var utsett for. Men det er vondt å snakke om.

Redsla var der alltid, i 5 år.

Den guten på 5 år, som såg ein rasande utskjelt tysk offiser, med ein usikra luger i handa. Guten såg berre inn i revolverløpet. Men guten lever. Traumar frå andre hendingar frå krigen set. Han lever med dei. Meir fortel eg ikkje.

Eg trur ikkje mange nå forstår det.

Krigsfilmen som er vist på Eid, såg eg ikkje. Filmen skaper næring til noko ein helst vil gløyme.

Det eg skreiv om krigsseglarar i 2015-16 er nok gløymt eller vekk, for dei fleste. Det passar ikkje inn i det kulturelle eller politiske liv i dag, som fyrst og fremst handlar om makt og kameraderi.

Sterke ord!

I tankane om politikk og politikarar, er tankane ofte innom det problemet som er farleg for alle politiske parti. Ideane kan vere gode og programmet brukbart. Men etter kvart kjem mykje bort. Ein synes å oppleve at partiet sitt fremste mål er å skaffe sine leiarar frå øvst til langt ned i rekkene meir-, (la oss kalle det innflytelse). Auka inntekt og makt. Lovnadane synes vere borte.

Eit døme:

Under 2. verdskrig var DNA (Det norske Arbeiderparti) både i Sverige og i England i vekst. Framtidstankane, ideane og programmet var klart…  Berre freden kom.

Andre politiske parti var ikkje aktive frå 1940-45.

Folk strøymde til DNA som møll-straum mot lyset. Stats- og andre tenestemenn eller kvinner. Hadde håp om å kome i maktposisjon og var opptatt av sine særinteresser.

I tida etter krigen vart lovnader og idear, skuggar i det politiske landskapet.

Kva med krigsseglarane. – Dei har eg skrive om før i 2015 og 16.

Eg har ikkje nemnt før, nordmenn som utdanna seg som telegrafist og partisan i Russland. Dei budde på fjellet i telt og jordgamme på Varangerhalvøya vinterstid i 1944 for å hjelpe til med opplysningar om tysk skipsfart til og frå Finnmark.

Mange døde.

Nokre av dei som levde att, fekk fengselsstraff etter krigen, i 1960-70-åra. Dei var russarvennlege og dømt på mistanke. Dei slost for Norge på alliert side.

Er tilliten til våre politikarar rimeleg stor? Det er mange dyktige og fornuftig tenkande politikarar, sentralt og kommunalt, i alle parti. Men så har vi dei som ropa høgast, er politiske gründerar og viser stor aktivitet. Dei kallar seg samfunnsbyggjarar eller utviklarar. Det er mykje ein kan ynskje seg. Men «tæring etter næring» er eit godt ordtak og ein god leveregel.

Livserfaring i over 80 år skaper tankar og skrivelyst.

Derfor…