Dette innlegget er skrive av Asgeir Søfteland, ein av musikarane i Opera Nordfjord sitt orkester under La Traviata:

Eg er inhabil så det held, eg som sat midt oppi det som ein del av førestillinga, men eg legg likevel merke til La Traviata som ei oppleving ein «må» fortelje om.

Kva eit lite lokalsamfunn med den rette stå på- og samarbeidsviljen kan få til, kjenner eg forsåvidt godt til frå mi eiga heimbygd (Seljord kommune har omlag like mange innbyggjarar som Nordfjordeid), der Dyrsku’n på hausten og Country- og dansebandfestivalar samlar titusenvis av besøkande kvart år.

Det som fascinerer meg, er at Nordfjordeid har ein tilsvarande samlingsplass i den årlege operaoppsettinga. Meir samlande er det kanskje, faktisk, når ein tenkjer på at elevar på vidaregåande skule medverkar både på scena og i det enorme arbeidet med kulisse-snekring og alle andre detaljar.

Og alle frivillige som stiller opp år etter år og hjelper til med alt som må til, i det same førebuande, pågåande og avsluttande arbeidet. Slikt ein som tilreisande musikar berre får sett resultatet av, ikkje prosessen.

At ein gjennom åra her har klart å gjere opera til noko folkeleg. Til noko unge som gamle oppsøker år etter år (eg har sett og overhøyrd snakk publikum imellom i gangane, mens me aktørane på scena og i orkestergrava har hatt pause), noko ein rett og slett berre MÅ få med seg.

Som musikar kjennest slike oppdrag som spesielt meiningsfylte. Ja, det er berre «nok ein dag på jobb» på ein måte, ganske ukomplisert for oss som kjem til godt organiserte forhold for å spele førehands-innøvd notemateriale.

Men å sjå og høyre responsen frå publikum både undervegs i førestillinga (av og til på litt «uventa» tidspunkt, får ein vel innrømme) og etter, å høyre dyktige solistar synge knallbra kveld etter kveld, på nynorsk; eg har blitt rørt på kvar einaste førestilling. Fordi ein veit kor mykje arbeid som ligg bak hjå alle, men spesielt frå dei som held til i Nordfjordeid og omegn, og som ofrar så mykje av si tid år etter år, noko som også kjem eit levande, profesjonelt musikkliv til gode.

Tilsvarande regionale operaar, spel- og kulturarrangement finst det mange døme på rundt omkring i landet. Dette må kulturbudsjettet fortsette å støtte opp om (heldigvis ser det brukbart ut, for tida), for det er tydeleg at det gjer ein meiningsfull skilnad i så mange folks liv, på ein elles relativt liten stad. Og ein bra start for å få fortsett interesse og støtte, er vel rett og slett å fortelje om det. Takk for opplevinga, Opera Nordfjord!