Skrive av Liv Løken, Tillitsvalt, Tekna stats etatsforeining i jordskifterettane avdeling Sogn og Fjordane

Innleiande om noverande struktur

Frå desember 2020 har tilsette i Sogn og Fjordane jordskifterett jobba med å førebu seg på og tilpasse seg den strukturen vi har no. Reforma var ein moderert modell av det som vart lagt opp til av Domstolkommisjonen, og medførte at alle dei tre rettsstadane i Sogndal, Førde og Nordfjordeid vart oppretthaldne med opphavleg bemanning som jamstilte rettsstader. Talet på jordskifterettsleiarar vart redusert frå to til ein, ettersom det tidlegare var felles leiar mellom to rettskrinsar i Sogn og Fjordane. Stortinget vedtok i samband med domstolreforma at talet på årsverk skal oppretthaldast. Vedtaket gav rettsstadane i Sogn og Fjordane ein tryggleik vi håpar ikkje vert sett i spel igjen no.

Tekna stats etatsforeining i jordskifterettane avdeling Sogn og Fjordane representerer sju av åtte jordskiftedommarar i Sogn og Fjordane jordskifterett i tillegg til ein av ingeniørane.

Merknader til departementet sitt forslag om reversering av strukturen

Justis- og beredskapsdepartementet sendte 26. januar 2022 ut eit forslag til endring i domstolstrukturen på høyring. Det vert i høyringsbrevet synt til Regjeringa si regjeringsplattform (Hurdalsplattforma) der ein ønskjer å gå tilbake til strukturen for domstolane før domstolsreforma 2021. Det vert peika på at ein ønskjer å sikre god rettstryggleik og tilgjengelege tenester for innbyggarane i heile landet. Slik vi ser det er rettstryggleiken styrka som følgje av auka fleksibilitet og tilgang på jordskiftedommarar i det som i dag er rettskrinsen til Sogn og Fjordane jordskifterett. Mellom anna ser vi at brukarar som er med i fleire saker, vil møte fleire ulike dommarar og andre tilsette ved domstolen. Dette meiner vi er ein fordel. Vi er også mindre utsett for habilitetsproblematikk, og vi er meir fleksible til å sette inn anna personell til dømes ved akutt sjukdom. Dette meiner vi vil føre til raskare sakshandsaming. Noverande domstolsstruktur opnar også for å bruke rettsmeklingsinstituttet i vesentleg større grad. At vi no handsamar mange saker ved rettsmekling, kortar ned sakshandsamingstida. Dette er viktig for brukarane av domstolen.

Departementet peikar på ei frykt for at den lokale forankringa og nærleiken til brukarane kan verte svekka. Så lenge rettsstadane vert oppretthalde med same bemanning, kan vi ikkje sjå at dette er ei relevant problemstilling. Det er også eit element i denne vurderinga at jordskifteretten set rett der saka er. Rettsmøta vert haldne på til dømes kommune- eller samfunnshus nær dei berørte eigedomane, og oppmålings- og merkearbeidet skjer på staden.

For oss jordskiftedommarar er fagmiljøet i jordskifteretten viktig. Vi opplever at eit større fagmiljø er inspirerande, og kan vere med å auke den faglege utviklinga. Rekrutteringa til jordskifterettane generelt har vore utfordrande over tid. Vi meiner at den noverande strukturen er positivt for rekrutteringa. Eit større kollegium og tre mogelege arbeidsstadar, trur vi kan vere attraktivt for framtidige arbeidssøkande til domstolen.

Vi opplever dei konkrete forslaga i høyringsnotatet frå departementet som vage. Dei mogelege lovendringane i domstollova som det vert peika på, treng i alle høve breiare utgreiingar og prosessar. For oss synest det som ein først bestemmer seg for å reversera reforma, før ein finn tiltak som kan ta oss tilbake til den situasjonen vi har i dag, bortsett frå at det er ein leiar ved kvar av dei tidlegare rettskrinsane.

Å attinnføre modifiserte gamle løysingar er etter vår vurdering lite framtidsretta, gitt dagens samfunnsutvikling. Det vil også gå på tvers av dei satsingsområda som domstolen – etter føringar frå politisk hald – skal satse på dei nærmaste åra for å møte brukarane sine forventingar.

Konklusjon

Vi meiner Sogn og Fjordane jordskifterett er godt i gang med å vidareutvikle ein jordskiftedomstol med fokus på brukarane. Vi opplever motivasjon og vilje blant dei tilsette til å møte forventningane både frå arbeidsgivar og brukarane. Og vi meiner strukturen i dag er med å påverke positivt til denne utviklinga. Det er utfordrande å meine noko om kostnader ved reversering og vidare drift av ulike strukturar, men transaksjonskostnadene ved endring, både økonomiske og andre, var store sist og vil bli store ved ei ny endring.

I Sogn og Fjordane er vi tre jamstilte og bemanna rettsstader. Vi reiser ut og set rett der saka er. Og det er mogeleg å få rettleiing i dei lokala som ligg den einskilde nærast. Vi meiner at nærleiken til brukarane, den lokale forankringa og rettstryggleiken til kvar einskild innbyggar i rettskrinsen er god. Kvar leiaren av domstolen til ei kvar tid har sin kontorplass har ikkje innverknad på dette. Jordskifterettsleiaren i Sogn og Fjordane jordskifterett er jamleg til stades ved alle rettsstadane. Dette må også sjåast i lys av den digitale utviklinga ved domstolane, og at jordskiftedommarane har ei uavhengig stilling, som tilseier høg grad av sjølvstendig arbeid.

Tekna stat si etatsforeining for jordskifterettane avdeling Sogn og Fjordane frårår å gå vidare med reverseringa, men i staden sjå på kva som kan gjerast for å ytterlegare styrke og utvikle den noverande strukturen. Dette inneber også å sikre bemanninga på alle dei einskilde rettsstadane. Dette meiner vi ein best kan oppnå ved at avgjerdsmynde om domstolstruktur ligg til Stortinget.