Av styret for Nordfjordeid Sanitetsforening, ved Liv Stokkenes Jacobsen:

Den 5. november 1923 kom 40 kvinner frå Nordfjordeid saman og skipa Nordfjordeid Sanitetsforeining. Vi som er medlemmer i dag tenkjer: kva var det som førte til at desse kvinnene ville skipe ei sanitetsforeining?

Det var ingen sjuketrygd den gongen. Fattigdom og sjukdom ramma mange familiar i Eid kommune. Det var nok hovudgrunnen til skipinga. Desse sanitetskvinnene fekk endane til å møtast med hjelp til dei som trong det mest. Tuberkulosen ramma mange, Sanitetskvinnene hjelpte til. Pengar vart samla inn, kle vart kjøpt og den sjuke fekk pengestøtte til å reise til eit sanatorium. Alt skjedde i det stille, ingen fekk vite kven som fekk hjelp. Familiar trong mat og kle, hjelp til å klare seg.

Det blei starta mellom anna barnekontroll og matkontroll, desse oppgåvene som etter kvart har blitt offentlege. Gåver til sjukehuset, dei var med på og kjøpe sjukebil. Det vil ta mange sider om alt sanitetskvinnene har gjeve av gåver og hjelp til familiar som har trengt ei ekstra støtte.

Den 12. februar i 1924, arrangerte foreininga sin første basar, og det kom inn over kr. 1000! Dette var ein særs høg sum i 1924. Fram til dags dato har foreininga arrangert basar og seinare også bunde fastelavnsris og solgt desse rundt omkring i sentrum og i krinsane. Den støtta den nystarta Nordfjordeid Sanitetsforening fekk i 1923, får  vi også i dag. Ei 100 år lang støtte for all frivilligheit som blir lagt ned av sanitetskvinnene og sanitetsmenn (sjølvsagt er menn også medlemmer). Dette ønskjer vi å få takke for! Tusen takk til alle for gåver vi får, for fastelavnsris de kjøper og for støtte til basarane vi arrangerer. Også den som var i haust.

Denne støtta lokalt har vore heilt avgjerande for at foreininga kunne halde fram. Og ein inspirasjon til at foreininga framleis er ein særs oppegåande frivillig organisasjon. Nye medlemmer kjem med på laget og vi ønskjer at fleire vil melde seg på i det nye året. Vi er i alle aldrar frå ungdom til godt vaksne. Mange kjekke oppgåver driv vi med, noko som kan passe for alle. «Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko», er ein fin måte å sjå frivilligheita på.

I jubileumsåret har foreninga fleire saker som vi har markert. Fastelavnsrispengane vart øyremerka gåve til Sykkelbane Heia IL og  Hjelle krins utviklingslag. Dette då barn og unge sine oppvekstvilkår alltid har vore viktig for oss. Fylkesårsmøtet blei lagt til Nordfjordeid som ein honnør til foreininga vår. Og ikkje minst, sjølve markeringa den 4.november med middag og gjestar på Nordfjord Hotell.

Takk til Eidasamfunnet for dei 100 år - så ser vi fram til 2024 og nye år som vil kome. Ønskjer med dette ei god jul og eit godt nytt år til dykk alle.