Skrive av Torbjørn Vereide, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet:

Det er klart kablar betyr noko for straumprisen. Men sprengte gassrøyrledningar i Østersjøen burde vere det endelege beviset: Russland driv eit kynisk spel for å kaste Europa ut i ei energikrise.

«Slutt å skylde på krigen i Ukraina» smalt Sylvi Listhaug frå Stortingets talarstol den 19. september. Ho er ikkje den einaste. Rødt sin Mímir Kristjánsson meiner det er «flaut å se hvordan store partier og store aviser nå kynisk bruker krigen i Ukraina som lynavleder». Bjørnar Moxnes frå Rødt gjentek stadig oftare at det er «folkeforakt» og «bortforklaringer» å snakke om at Putin fører ein krig med både kuler og energi.

No er det på overtid at Rødt og FRP tenkjer seg om. Dersom sprengte gassrøyrledningar ikkje er eit godt nok bevis, så er det vanskeleg å seie kva som skal vere det. Putin fører energikrig, og satsar alt på å splitte demokrati, for å tvinge oss til å gje opp støtta vår til Ukraina.

Putin har lang erfaring med denne typen informasjonskriga. Analysen til Russiske myndigheiter er at demokrati sine interne motsetningar gjere oss svakare enn autoritære regimer, og at vi derfor er enkle å splitte. Det såg vi i 2014 når Russland annekterte Krim. I 2016 i det amerikanske valet for at Trump skulle bli vald. No forsøker dei å bruke energien til å fryse fellesskapet vårt i stykker.

Tidlegare President og statsminister Dmitry Medvedev sendte nyleg ei kald helsing til Vesten og sa at gassprisen skal bli smertelig dyr. Den klare beskjeden frå Putin er enkel: «ingen gass, ingen olje, ingenting». Røyra skal ikkje bli opna opp igjen før Vesten søker seg samen med Russland.

Det farlege er at Putin kan lukkast. I haust marsjerte 70 000 menneskjer gjennom gatene i Praha med eit krav om å stanse bistanden av våpen til Ukraina sånn at Tsjekkia kunne få seg ein gassavtale med Russland. Opne sympatisørar med Russland vant nettopp valet i Italia.

Det gjere vondt for folk når så store mengder energi blir fjerna frå marknaden. Med dagens krigsprisar er det frykt for rasjonering, fullstendig øydelegging av etterspørselen, nedstenging av industri og massearbeidsledighet. Går det galt i Europa, vil også folk i Noreg miste jobben.

Vår støtte til Ukraina er likevel bunnsolid i alle aldersgrupper, og held seg høg til tross for dei høge energiprisane. Når Noreg no ber om bistand til å auke beredskapen i våre havområder, så svarar våre allierte oss umiddelbart med ei massiv støtte.

Dette er kva det vil seie å vere alliert. Det er noko Moxnes og Listhaug bør tenkje på neste gang dei enten vil melde oss ut av NATO eller rope «Noreg først» i de politiske debattane. Vi er kanskje eit lite land, men det vi gjere betyr noko. Våre allierte kan stole på oss og vi kan stole på dei.

Så langt har ikkje Russland klart å destabilisere vestlege land. Men prøven vår er langt frå over. No er det viktigare enn nokon sinne at fellesskapet vårt står saman. Det Russiske leiarskapet trur openheit og demokrati er svakhetar dei kan utnytte, men der tek dei feil.

Demokratiet vårt er sterkare enn Putin.