Dette innlegget er skrive av Marit Sandnes Skrede:

Eg har vore gledeleg opptatt denne sommaren. Eg har ikkje hatt tid til å ta fly til varmare strøk for å slikke sol og lade batteria slik eg ser mange andre har gjort, ei heller har eg reist på storbyferie til Paris eller Barcelona. Sommaren har jo vore smerteleg våt, sjølv for hardbarka vestlendingar. Når det er tre veker i beste fellesferien med kontinuerleg regn, då freistar «sydenturen», og tusenlappane sit laust. Miljøkonsekvensane, dei er ikkje så store – «det er jo berre eg og familien min».

På same måte som vi nordmenn planlegg «sydentur» og storbyferie, planlegg europearar – spesielt tyskarar og engelske – å sjå dei norske fjordane. Turistnæringa i Norge omsettar for 127 milliardar kr i 2019 og har 182.000 menneske i arbeid. Reiselivsnæringa er ei stor næring i Norge, den har store ringverknader og gjev mange, små og store tilbydarar, moglegheit til å utvikle sin draum. Slike som meg for eksempel: min draum å klare å vedlikehalde embedshuset på Skårhaug og å få lov å fortelje historia til forfedrene og formødrene.

Eg har som sagt vore opptatt, og på tross av klaging om veiret rundt meg overalt, så minnast eg mest sol. Sol gjennom 1000 menneskemøter. 1000 gjester som har tatt turen til «home visit» på Skårhaug, der eg og familien min har fått vore vertar for Nordfjord, Eid og Skårhaug. For folk som kjem frå storbyar som Hamburg, Berlin og Essen er Eid like stor sælebot som «syden» er for oss, sjølv om det er ein regnveirs-sommar. Folk som kjem frå små plassar akkurat som Eid, men som gjennom bilder og beskrivelsar har hatt ein draum om å sjå fjordane «våre». Dei sterke menneskemøta sit i meg. «Hilda» frå Berlin som klemmer meg fordi ho gjennom historien om Skårhaug og folka som har budd her, fekk gjenoppleve barndommen i hjartet sitt. «Robert» frå ein forstad til Edinburgh som var spesielt interessert i korleis tømmerveggane i huset var sett saman. Sitte rundt eit bord med framande og drikke kaffi frå porselenskoppar og ete ferjesveler medan ein knyte nye venskapsband. Eg har også fått spele Boccia med nokre ungar på plenen. Vi kunne ikkje snakke stort for eg snakkar ikkje tysk og dei for små til å snakke engelsk, men le, det kunne vi.

BT har vore hard i år. No angrip dei ikkje lenger berre lokale myndigheiter som legg til rette for cruiseturismen, men på personane som kjem. Søppel og sauder kalla dei cruiseturistane. Eg lurer på om spanske journalistar kallar oss det, når vi ligg på strendene deira og slikkar sol!

Det er påstandar om at cruiseturistane ikkje legg att pengar, og at dei får alt på skipet. Ja det gjer dei nok, akkurat på same måte som når vi bestiller «sydenferie» og storbyferie. Vi tar frukosten og middag på hotellet! Det er inkludert i prisen. Statistikken viser at ein cruiseturist legg att 890 kr pr dag på turen sin. Eg har alltid forundra meg over at mange meiner at pengane cruiseturistane legg att er mindre verdt enn andre turistar sine pengar. For meg er dei i alle fall veldig mykje verdt, så mykje verdt at eg kan restaurere huset mitt over tid.

Det er 339 cruiseskip i verda. Det er over 11.000 containerskip. Eg veit ikkje så mykje om dei restriksjonane cruiseskipa blir pålagde, men eg veit dei finnast. Renseanlegg, scrubber system for å begrense utslepp. Fleire AIDA-skip går på LNG, det reinaste drivstoffet som finnast. Den røyken som mange cruiseskip slepp ut er ofte ufarleg damp frå LNG. Containerskipa veit eg ikkje om har restriksjonar, men dei fraktar jo t-skjortene og batteria til el-syklane våre, så det er jo viktig.  LNG går dei i alle fall ikkje på, og ikkje kjem dei inn i fjorden her heller, så då slepp vi å tenke på det!

Eg kjenner at dobbelmoralen angåande miljø i landet vårt er kvalmande. Vindmøller som dryss til metallbitar i sterk vind og som ikkje klarar å produsere straum. Dei drep fuglar i flukt. For nokre er elbilar det som skal frelse verda. Eg forundrar meg over det. Lagra av elbilar som ikkje lenger virkar veks, og dei kan ikkje reparerast. Utvinninga av metalla til batteria er direkte øydeleggande i landa der dette skjer. Born blir utnytta i utgravingane, utviklar helseproblem, og får sjølvsagt ikkje gå på skule. Får dei lønn trur du? Vi ser det jo ikkje, så då er det kanskje ikkje så nøye, så lenge vårt personlege og nasjonale rekneskap går opp. Kva er logikken idet? Heng ikkje verda saman?

Mitt liv er forureinande. Alle avtrykka mine gjennom dagen er forureinande. Kaffien eg drikk, maten eg et, kleda eg har på meg. Kvar gong eg plantar ein løk eller plante i jorda frigjer eg CO2. Eg slepp ikkje unna uansett kva eg gjer. Så på tross av negativiteten angåande cruisetrafikken på Eid, så kjem eg til å forsette med å ta imot gjester frå skipa neste år. Med dei pengane kjem eg til å ta vare på eit av dei eldste husa i Eid. Det er ikkje så mange att av dei nær sentrum. Det tenker eg er mitt bidrag til å redde miljøet: eg har ikkje bygd nytt, men tek vare på det som vart bygd for snart 200 år sidan. Det er min «elbil»!

Dei som har investert i seawalken får ei stjerne av meg, takk. Takk og til Eli, Arild og Trond som står i det!

Kanskje eg skal flytte heim!