Dette lesarinnlegget er skrive av Bodil Sønderland, Naturvernforbundet i Eid.

Det er prisverdig at Fjordabladet lar tvilarane kome til ordet som i fredagens (8/7) nr av Fjordabladet. Ein hadde observert ei kvit og skummande stripe frå eit av cruisskipa , MS Iona, som har trafikkert Nordfjorden inn til Loen og Olden mange ganger denne sessongen.

Også ordføraren i Stad kommune, Gunnar Silden, har ifølgje lokalavisa uttrykt bekymring for muleg forureining frå dette cruiseskipet.

Destinasjonsansvarleg for Carnival Corporation,, som dette skipet er knytta til, Diana Bratland, meinar deremot at skipet følgjer alle gjeldande avtaler og at stripa er naturleg kjølvatn som eit resultat av skipets framdrift.

Så kva skal vi da  tru og tenke om dette når dei ansvarlege framhever at dei har sitt på det tørre når det gjeld utslepp. Der kan jo vere mange andre ting som ikkje er synleg med det første, men som kan skade det biologiske miljøet i fjorden negativt.

Om alle følgde gjeldande lover og reglar når det gjeld skipsfarten skulle det følgjeleg ikkje vere nokre problem knytta til cruisetrafikken, men det har det jo absolutt vore vist at der er. Og dersom det er lov å sleppe s.k. gråvatn ( avløpsvatn frå vaskerom, bysser, servanter, dusjer og vasker) 300 m frå land so hamner det jo uansett i fjorden, sjølv om det ikkje skjer akkurat når skipet er i hamn.

Ifølgje svaret Fjordabladet fekk med sjefen i Nordfjord Havn, Kjell Fagna, har dei berre ansvar for det som skjer i hamnene. Men sjølv om det nemnde cruiseskipet, som er av nyare dato, ikkje har hatt utslepp til sjø inne i Nordfjorden, måtte vi likevel kunne stille spørsmålet til alle dei andre større og mindre cruisskipa som trafikkerer den norske kyst.

Ved lesing av ein artikel i siste nr av Le Mond diplomatique får ein ein heilt anna oppfatning av kva cruiseskipa påfører miljøet når det gjeld forureining. Her er det ein kjemikar, medl. av Tunisias vitenskapsakademi, Mohamed Larbi Bouguerra, som tar til ordet om cruisnæringas negative påverknad på havet. Så sjølv om dei nyare skipa skulle vere noko meir miljøvenlege, tilsier den enorme veksten i cruiseindustrien at" vinninga kan gå opp i spinninga". Frå 2009 til 2019 auka antalet passasjerer med 12 millioner frå knappe 18 millioner til nesten 30 millioner årleg.

Bland dei mange miljøskadene denne formen for turisme medfører blir i denne artikelen framfor allt mikroplasten og dei skader den påfører dyrelivet i haven visa til. Denne plastforureininga kjem spesielt frå gråvatn som skipene ifølgje lova i MARPOL kan sleppe direkte ut i havet.

Gråvatn frå cruiseskip skal ha ein svært høy konsentrasjon av mikroplast. Så vi ser her at det ikkje alltid hjelper å ha loven på si side. Forureininga kjem uansett og den kan vere lovleg!

Til saman står dei 323 cruisekipene i verda for 10% av alt gråvatn som kvart år slippes ut i havet frå skip. Men det er ikkje berre mikroplasten som skaper problemer. Vatnet inneheld også kosmetikk og hygieneprodukter, patogener, medikamenter og kjemikalier som er skadelege for liv i havet. Store mengder syntetiske fibre havner stadig vekk i havet og sjølv om kjemikarar og ingeniørar jobber for å finne ut metoder å bryte ned og samle opp desse partiklane, so har ikkje havet tid å vente.

Der er også andre farer forknippa med denne etterkvart enorme cruisetrafikken, som f.eks. alle dei "gratispassasjerane" som kan følgje med på turen; framande arter og mikroorganismer som ein ikkje har kontroll over.

Det er vel også eit tankekors at vi no, so tett etter ein verdensomspennende pandemi med miljontals dødsfall, vel å auke trafikken igjen med transport av varer og menneske i eit enormt omfang. Det kan jo også føre til auka smitte av sjukdomar vi ennå ikkje veit om kva er. Vi burde vel heller trå varsomt og ta best muleg vare på det vi ennå har av forholdsvis rein og urørd natur på land og til havs.

Til sist må vi ikkje gløyme luftforureininga, CO2 og andre utslepp, som dei oljefyrte skipa fører med seg. Sjølv om dei nyeste skipa vart drevne av gass,slepp dei likevel ut CO2 om enn i noko mindre grad, CO2 som der er meir enn nok av i atmosfæren til no. Men å innsjå at vi må kraftig redusere denne masseturismen ligg tydelegvis langt frå myndigheitane sin beslutningsevne. Handlingslammelsen trugar med å kvele både land og hav i desse tider.