Dette innlegget er skrive av Rita Tonning, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane.

Invasjonen er eit uaksetabelt brot på folkeretten, uansett kva ein meiner om regimet i Ukraina. Ukraina har heller ikkje angripe Russland slik Russland har blitt angripe så mange gonger før.

Det er Ukraina sin rett til å søkje medlemskap i Nato, uansett kva Russland måtte meine. Det er fordi folkeretten gir land rett til ikkje-innblanding. Men er det rett og klokt av Nato å bruke ein slik situasjon til opprustning nær grensa til Russland?

Noreg melde seg inn i Nato i 1949. Men eit vilkår var den såkalla basepolitikken som gjekk ut på å ikkje ha faste basar for framande makter på norsk jord i fredstid og å avgrense Nato-aktivitet som kunne verke provoserande på Sovjetunionen.

Dette vilkåret har til no skapt forsoning og samarbeid mellom Noreg på den eine sida og Sovjetunionen/Russland på den andre sida.

Raudt har gått mot våpeneksport til Ukraina. Vi har gjort dette fordi våpeneksporten gjer Noreg, i følgje ekspertar, til ein medkrigarstat. Norsk våpeneksport kan også bidra til å eskalere krigen.

Det har også blitt hevda at det senkar terskelen for eit angrep mot Noreg frå staten Russland si side. Vi trur ikkje den faren er overhengjande, men det er eit moment som må vere med i debatten.

Vi meiner at dersom miliæralliansar og våpenkappløp hadde vore løysinga, hadde det vore fred i verda for lenge sidan.

I staden for at militær-industrielle kompleks og statleg herskartrang over mindre statar og nasjonar skal få styre utviklinga, meiner Raudt Sogn og Fjordane:

– Verdssamfunnet må krevje forhandlingar med Russland.  Det som har vore av forhandlingar mellom Ukraina og Russland har ikkje ført fram.

– Verdssamfunnet må halde fram med å krevje slutt på invasjonen.

– Det må opprettast avmilitariserte soner i grenseområde.  Russland må forplikte seg til å avvikle militærbasar som dei har oppretta nær grensa til Nato-land.  Nato må forplikte seg på same måte når det gjeld militærbasar nær russiske grenser.

– Russland yter erstatningar til Ukraina for dei omfattande skadane som invasjonen har ført til.

– Nato-land opphevar sanksjonar som rammar urettferdig.