Dette innlegget er skrive av Dagny Sunde:

Slike kommentarar har eg høyrt før og blitt gjenfortalt mange gonger.

Desse kommentarane er ikkje tilsynelatande stygge i seg sjølv, men det er den haldninga til at «det er ikkje så nøye med dei små butikkane» som vert skadeleg.

Eg trur ikkje at dei som seier slike ting nødvendigvis meiner det vondt, men skjøner dei kor vondt det gjer?

På vegne av alle som driv ein frittståande nisje-butikk, er eg fornærma. Eg er fornærma over at folk oppfører seg så uvitande og historielause ovanfor b.a. etablerte familiebedrifter i bygda, og eg er fornærma over at det for mange er naturleg å snakke nedsetjande om dei flotte nisje-butikkane våre, at dei ikkje eingong tenkjer over kva dei seier.

Mange av nisje-butikkane har handelshistorie frå fleire tiår, nokre i over hundre år, dei har opparbeida seg gode kunderelasjonar gjennom mange år i businessen, og dei kan yte personleg service på ein måte kjedebutikkane og nettbutikkane ikkje har moglegheit til.

Vi må vere klar over at sjølv om dei små frittståande bedriftene ofte har ein brøkdel av omsetjinga til kjede- og senterbutikkane, så er det i stor grad dei som støttar lokale lag og organisasjonar, og deler ut diverse sponsorstøtter og basargevinstar.

Det er ei kjennsgjerning at butikkar av den sistenemnde sorten har fått lide meir og meir av netthandelen og etableringa av store kjøpesenter dei siste åra. Ynskjer vi eit mangfald av butikkar i gata vår, i bygda vår, så må vi tenkje over vanane våre.

Å kome med kommentarar som «ein gløymer liksom å prioritere slike butikkar, ein går berre rett forbi», er ikkje med på å fremje gode haldningar og å byggje opp engasjement rundt dei fine og unike nisje-butikkane våre. Slike kommentarar er ufatteleg nedverdigande og øydeleggjande.

Misforstå meg rett; mitt formål er ikkje å svartmale kjede-, senter- og nettbutikkar for å favorisere frittståande butikkar, men samtidig vil eg inderleg påpeike at dei frittståande butikkane treng oss som supportarar, som kundar, og dei treng at vi tek bevisste val når vi skal ut og handle.

Om vi framleis ynskjer å ha dei. Som ein god ven av meg bruker å seie; ein får det tilbodet ein fortener. Med det sagt vil eg oppmode alle om å bruke tilboda vi er så heldige å ha!