Av Judith Kvåle, ordførarkandidat Stad Arbeiderparti

Like sikkert som det går mot mars, byrjar vi som er litt over gjennomsnittet interessert i politikk å livne til. Årsmøta er gjennomført og no står dei fylkesvise årsmøta for dør.

I Arbeiderpartiet i Stad har vi førebudd oss godt, noko eg vil påstå er vanleg. Medlemsmøter og Årsmøtet har vore med å utforme resolusjonar til fylket, og vi gler oss til å fylgje vedtaka våre vidare og argumentere for dei på årsmøtet. Dei to siste åra har vi hatt 3 delegat til møtet, noko som gjev oss betre høve til å argumentere for dei sakene vi finn viktige lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

I år har vi valgt å fokusere på eldrebustader, kvinnehelse, vald i nære relasjonar, energiøkonomisering, drivstoffprisar, straum, jobbstøtte i spesialisthelsetenesta, kommuneøkonomi, sosialstønad og gjenvinning av biologisk avfall – så vel i private bustader som frå landbruk og skogbruk.

Og slik skapar vi politikk, Eg, Ådne, Siri, Anett, Hans-Petter, Jan Vidar, Karoline osb. Alle som har engasjert seg i det politiske arbeidet i partiet. Resolusjonane vert vurdert av redaksjonskomitéen som enten godkjenner eller underkjenner dei. Nokon vert direktesend til Landsmøtet for behandling der. På årsmøtet i Vestland skal eg, Ådne Reidar Nes Kleppe og Anett Munch Oen arbeide for gjennomslag for våre saker – og andre saker som er viktige for Stad kommune, og på Landsmøtet skal Siri gjere den same jobben. Det er dette som er politikk, og den vert skapt av oss på grasrota – for å bli løfta og etterlevd av rikspolitikarane våre.

Å kalle det politikk er eigentleg litt framandgjerande. Dei fleste har eit forhold til, og ei meining om, det meste som føregår i samfunnet – og ved å vere med i eit lokalt politisk parti får ein høve til å vere med på å påverke den kvardagen vi har. Samfunnsengasjement er eigentleg eit mykje betre ord, men kanskje litt tungvindt å bli omtala som samfunnsengasjementsrepresentant??

Dette engasjementet er både kjekt og interessant, men og mykje hardt arbeid. Mange timar går med når ein har valgt å takke ja til leiande posisjonar, og ein kjenner godt på ansvaret. Heldigvis er det slik i Stad Arbeiderparti at det er mange som stiller opp og bidreg. Det er mange medlem, og mange listekandidatar som deler på oppgåver, og som ein kan drøfte ulike utfordringar med. Og vi har plass til fleire. Kan hende tenkjer du at vi burde ha fokusert på andre områder, aktualisert ting som er viktigare for deg? Meld deg inn og ver med på å påverke samfunnet du lever i! Om du ikkje tenkjer at Arbeiderpartiet er det rette for deg, er du heilt sikkert velkomen i eit av dei andre lokalpartia her i Stad. (Engasjement er uansett viktig for lokaldemokratiet.)