Skrive av: Helge Sæthre

I sumar hadde eg ei meiningsytring knytt til vegstandarden på Fv 5746 til Torheim. Med atterhald om andre innspel i Fjordabladet, har eg ikkje høyrt eller sett reaksjonar i saka frå lokale samferdselsmyndigheter.

Men eg høyrte nyss eit rykte om at vegen kan ha vorte omgjort til gang- og sykkelveg den seinare tid? Og jammen fekk eg syn for segn denne veka. I ei motbakke på veg mot Sørland kom det ein delegasjon på 18 - 20 likt kledde personar, trøande på kvar sin sykkel rundt ein slak sving. Og fordi dei nytta heile køyrebana, valde eg å svinge til side i den einaste «lomma» eg såg.

Når sant skal seiast, verka dei minst like overraska som eg. Reaksjonen deira skuldast kan hende at dei ikkje trudde slike vegar var eigna til biltrafikk? For meg var det meir det uvanlege synet av alle syklistane som strena avgarde i regnvêret, og vonleg trudde seg åleine utan trugande trafikk imot.

Snart skjøna vi kvar alle desse sprekingane kom ifrå, for innpå vågen i Nordfjordeid låg eit cruiseskip som fylte nesten heile hamnebassenget. Og då vi runda svingen mot Åshammar på veg mot Os gjekk folk, unge som eldre gjerandslause ikring for å finne noko å sjå eller ta bilete av.

Nordfjordeid har altså vorte eit ein del av den store verda, og tek imot turistar frå fjern og nær for å syne alt dei har å by på. Gang- og sykkelvegen til Torheim har tydelegvis vorte ein del av desse turistattraksjonane i kommunesenteret for Stad.