Denne kommentaren er skrive av Nils Ola Strand.

Eg har mange gode minne som er knytte til akkurat dette: Lukta av diesel. Bilturar i barndommen frå Drammen og heim til Lier i gamle Mercedes-drosjer til dømes.

Desse gamle dieselbilane bråka, rista, skalv og klapra - og lukta herleg diesel. På eine framhjulet hadde dei eit teljeverk slik at eigaren kunne halde rede på kor mykje kilometeravgift som skulle betalast. Du verden for ei tid!

Seinare vart det båtmotorar, gamle fyringsmotorar der toppen måtte varmast med blåselampe før motorane meir eller mindre motvilleg hosta seg i gong.

Mange av desse motorane var forresten greie å starte. Sabb, til dømes. Du måtte frikople svinghjulet frå motoren, sveive svinghjulet opp i god fart, kople svinghjulet til motoren igjen og sveive vidare til malmklumpen gjekk på eiga hand.

Var det svinkaldt, la du ein "sigarett" i kammeret før du tok til å sveive. Då starta dei. Som regel.

Det var verre med Volda-motorane. Dei var meir enn lunefulle, ofte var det berre eigaren som fekk start på dei.

Det hende ofte at gamle båtmotorar starta feil veg. Då måtte du senke turtalet så mykje som råd før du ga dieselpumpa eit slag med handa like før stempelet var på topp. Då snudde motoren dreieretning. Som regel. Nei, dette var ingen spøk og slett ikkje ufarleg!

Fleire gongar på 70-talet leigde eg ein gammal skyssbåt frå Måløy med Karl Lofnes ved roret. Han var ein av dei markante forkjemparane for Måløybrua. Var turen lang, måtte han under dekk og vri ein omgang eller to på smørjekoppen på propellhylsa.

Medan dette gjekk føre seg, fekk eg styre båten. Om det var stas? Det dundra og slo under dei gamle dekksplankane, men vi kom alltid fram dit vi skulle. Og så lukta det så herleg diesel!

I dag hadde eg eit ærend på Sandane. Den eine av dei flotte, elektriske ferjene var på ferie, i staden var det gamle BF "Gulen" frå 1989 som kryssa fjorden.

På veg over dekket kjende eg ei lukt eg dro kjensel på. Lukt av motorolje og diesel som kom ut frå den opne døra til maskinrommet. Eg vart ståande å høyre på den digre, gamle maskina ei god stund medan eg mimra. Om barndommen, ungdommen og dei åra vi bygde ferdig utrusta båtar ved Eid Verft på Løkjaneset. Om tekniske prøveturar då dei raraste ting kunne skje. Skal tru om det var ein Wickmann eller ein Bergen Diesel som brumma under dekket på denne ferja? Det var berre så vidt eg ikkje tok på meg øyreklokkene som hang på skottet og tok leideren ned.

Javisst er det flott og miljøvenleg med elektriske ferjer. Bilar også, sjølvsagt. Likevel vart eg ståande og filosofere framføre den opne døra til maskinrommet på denne meir enn 30 år gamle slitaren, bilferja "Gulen".

Er eg av den siste generasjonen som får oppleve lukta og ikkje minst lyden frå ein traust, gamal dieselmotor? Alt tyder på det. Mykje vert sjølvsagt vunne med elektrifisering og andre tekniske framskritt, men sanneleg er det noko som går tapt og.