Dette innlegget er skrive av biskop Halvor Nordhaug.

Det er frykteleg og ikkje til å fatta. Vi kjenner kanskje nokon som har slektningar som no er på flukt. Mange av oss kan trenga ein drope håp.

Fastetid er håpstid

Samtidig har vi gått inn i årets fastetid. Fastetida er å vera medmenneske. Fastetida er å sjå dei som lir naud. Som er på flukt. Som ikkje har fått vaksine mot korona. Som ikkje har mat. Som ikkje har tilgang på reint vatn. Midt i alt det som skjer i verda kan vi alle bera med oss håpet.

I over 50 år har bøssebærarar over heile landet gått frå dør til dør og samla inn pengar til menneske som treng klede, husrom eller mat. Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon gir oss høve til saman å arbeida for ei meir rettferdig verd. Det gir ein drope håp å gjera noko for andre. Det er løfterikt at dei fleste som går rundt for å samla inn pengar er unge, konfirmantar som på denne måten får vera med på å spreie håp. Årets aksjon er 3. – 5. april.

Håp i ein drope vatn

I år har fasteaksjonen temaet «Håp i ein drope vatn». Eit døme på det er prosjektet TRANSFORM i Malawi, der småbønder endrar levevilkåra sine ved å nytta dyrkingsteknologi initiert av NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet), Utviklingsfondet og Kirkens Nødhjelp. Systemet er genialt enkelt. Plantane får vatn dropevis, og resultata er fleire avlingar i året. Det gir mattryggleik og inntekter for småbønder.

Ukraina

Men Kirkens Nødhjelp er òg til stades i akutte kriser i verda, slik som no i Ukraina. Kyrkjebygg og andre lokale blir fylte av flyktningar i landa rundt Ukraina. Pengane som blir samla inn i Noreg blir sette raskt i omløp der dei trengst mest.

Pengane som kjem inn i fasteaksjonen gir vatn, hygieneartiklar og mat til Ukrainske flyktningar. Pengane gir òg såkorn, dryppvatningssystem og mat på bordet for bønder i Malawi som kjenner klimakrisa på kroppen. På denne måten kan vi gi menneske ein drope håp.

Bli med og støtt årets fasteaksjon «Håp i ein drope vatn».