Dette lesarinnlegget er skrive av Martin K. Waag:

Frå å vere ein aldersheim frå 1958 med doble rom i to etasjar, vart denne for ein del år sidan renovert til lettstelte leiligheter, 8 i kvar etasje, til saman 16 bueiningar, både enkle og doble. Der er heis mellom etasjane. Der var og bemanna kjøken som for lengst er borte / sentralisert.

Like vest for institusjonen står eit kommunalt rekkjehus / aldersbustader med seks leiligheter. Desse er utleigde til personar / par med trong for omsorgsbustader.

Bryggja Omsorgssenter har hatt høg grad av utnytting. Eldre og pleietrengande har måtta stå på venteliste for å få plass. Senteret er heildøgns bemanna med pleiepersonale og assistentar. Desse tek seg og av heimetenestene / heimesjukepleie i området når det gjeld stell, medisinering og helsehjelp, samt bringing av middagsmat frå kommunalt kjøken.

No vurderer kommuneadministrasjonen å legge dette ned, bl.a fordi det er liten søknad til omsorgssenteret. Ser ein dette i eit litt lenger tidsperpektiv er dette ikkje rett. For meg kan det synest som om manglande søknad til senteret er «styrt».. Dette vonar eg i det lengste er feil.

Ein annan grunn til nedleggingsforslaget er kommuneplanen: Bryggja er eit såkalla «lokalknutepunkt», og ifylgje plandokumentet skal ikkje lokalknutepunkt ha bemanna omsorgsplassar(!). Selje og Leikanger, derimot, dei er «lokalsenter» og kan ha slike…Skal ein legge ned på Bryggja og låne penger med høge renter for så å byggje nytt på Eid, Selje eller Leikanger fordi det står på eit papir kalla kommuneplan – og attåt alt kalle det sparing? Eg skjønar ikkje..

Det er eit faktum at institusjonen Bryggja Omsorgssenter står her. Den er i full heildøgns drift. Den stettar eit behov for 16 -20 personar med trong for heildøgns helsehjelp.

Om Bryggja Omsorgssenter vert lagt ned, vert også heimetenestene i området sentraliserte. Den knappe tida pleiarane har til pasientane vil då mykje gå med til bilkøyring. Er det rekna på kor mykje dyrare heimetenestene for Bryggjaområdet vert om ein sentraliserer dei til Eid eller Selje?

Geografisk har Bryggja ei sentral plassering i Stad kommune. Såleis ligg det vel til rette for å kunne ta imot søkjarar både frå aust og vest, om det er trong for det.

Statistikkane syner at befolkninga i landet stadig vil verte eldre. Dette inneber meir helsehjelp på ulike nivå.

Eg er godt kjend med dei folkevalde sine utfordringar m.o.t budsjettarbeid. Likevel: Gå ikkje blindt inn for noko som øydelegg mykje for enkeltmenneske, familiar, bygdelag og kommune.