Skrive av Gunnar Silden, for styringsgruppa for Stad skipstunnel:

Svar til Håkon Dag Sørland

Skepsis er sunt i ein debatt om dei fleste store utbyggingar som føregår i landet vårt. Det vil vere utopi å tenkje at alle ville klappe i hendene og rope hurra for prosjektet Stad Skipstunnel.

Eg som er oppvaksen på kysten og har hatt mitt aktive arbeidsliv på og ved sjø i over 50 år, vil ha vanskeleg for å forstå at ein skal bruke milliardar på ein garasje midt i sentrum av Oslo.

Men eg har for lite kunnskap om prosjektet til at eg kunne gå bastant ut å fråråde å byggje garasje. No er den bygd og samfunnsnytta for dei som bruker den er sikkert stor.

Slik er det med bygginga av Stad Skipstunnel også. Eg er 100 prosent sikker på at dette byggjeprosjektet vil vere samfunnsnyttig frå den dagen den blir opna og at samfunnsnytta berre blir større etter som tida går. Dette seier eg fordi eg har kunnskap om kyst og sjø.

 Forfattaren kan umogleg ha fått med seg den auka trafikken langs kysten vår etter at oljebasar har blitt plassert ved kystbyane våre og flytting av varer som gjev ein straum av båtar opp og ned langs kysten.

Framleis er det mange varer som blir frakta med bil fordi det er kort responstid på mange ting til oljenæringa, men det vil forandre seg når mindre hurtige lastebåtar kan trafikkere uhindra av å måtte vente ved Stad på grunn av dårleg vêr.

Utviklinga av havbruksnæringa er avhengig av ei saumlaus linje langs kysten vår som ikkje blir hindra av ventetider når frakt av fisk, fôr, sørvisbåter, brønnbåtar, og lastebåtar med råstoff til fôrfabrikkane langs kysten.

Kvifor byggjer vi tunnelar på land, jau for å få vekk flaskehalsar og gjere vegen tryggare. Kvifor ikkje byggje tunnel på sjø for å få vekk flaskehalsar og gjer sjøvegen tryggare?

Forfattaren er også bekymra for at ingen vil etablere seg på næringsområda som blir etablert av massa som blir teke ut av tunnelen. Til det kan eg svare at næringsområde ved sjø, er noko som er etterspurt i mange næringar. Det er berre å sjå kor mange etableringar vi har ved farleia langs heile kysten, og tru at det ikkje er bruk for meir er nokså defensiv tenking.

Prisestimatet på prosjektet vil heilt sikkert auke, men med eit estimat som er frå 2016, vil ikkje det kome som ein stor overrasking på nokon.

Samfunnsøkonomisk og miljømessig er Stad Skipstunnel eit godt tiltak som vi ikkje aner alle positive effektar av enda. Dei vil kome etterkvart som tunnelen blir teke i bruk etter at den er bygd.

Sørland har mange udokumenterte påstandar, og det må eg innrømme at eg og har, men når tunnelen er ferdig bygd, vil vi få sjå kven av oss som har rett.

Så min påstand er: «finn aldri på å snu».