Dette innlegget er skrive av Reidun Sunde, drivar av Sundehjørnet på Nordfjordeid:

For det første var det ikkje søkt om søndagsope, så dei fleste butikkane tenkte nok at dette ikkje var eit tema i det heile tatt.

I prinsippet var det altså ikkje eigentleg lov å ha ope. No viser det seg at der er ei rekkje kriterier som gjev grunnlag for fritak frå dette forbodet, og på bakgrunn av dette valde eg å reise heim frå hytta på fjellet, og likevel ha ope på Sundehjørnet.

Takk og pris at eg ikkje hyrte inn folk til å hjelpe meg, i så tilfelle hadde søndagen blitt eit grandiost tapsprosjekt. Sjølv som omtrent einaste opne butikk på Eid, var ikkje omsettinga stor nok til å kunne dekke lønn.

Jon Rasmus hadde rigga seg til på nedsida, i Pålnaustet, og opna lagerbutikken vår. Han var stort sett aktivisert med å vere do-guide for trengande cruiseturistar, og vise dei veg til det offentlege toalettet på Badstupladsen.

Dei fleste butikkane i Eidsgata er drivne av sjølvstendig næringsdrivande, og drivarane må ta alle slike ekstra opningstider sjølve. Når ein frå før jobbar 6 dagar i veka, bør det vere forståeleg at ein ynskjer å ha fri søndagen.

For min del må eg vere på jobb sjølv alle dagar med båt, og då blir det ikkje mykje rom igjen i kalendaren til å ta ut ferie, så dei få fridagane vi har blir dyrebare.

Visst er det kjekt når det er liv og røre og folksamt i gata, eg elskar jo det! Og det er ikkje mangel på turistar som kjem innom butikken. Eg er heller ikkje redd for å by på meg sjølv; eg er (i all ubeskjedenhet) blid, høflig og imøtekomande, og møter turistane stort sett på deira eige språk, likevel blir det oftast med kikinga.

Eg er klar over at det ikkje er populært å vere skeptisk til cruiseturismen; då blir ein stempla som surmaga og imot utvikling, men eg tek likevel sjansen på å setje ord på det mange ikkje tør å seie høgt, for eg veit at mange er samd med meg.

Tenk litt over det eg har skrive her, før dokke kritiserar søndagstengde butikkar.