Skrive av Stad AP v/ Leiar Judith Kvåle, Kinn AP v/leiar Solveig Willies, Vanylven AP v/leiar Knut Aksel Thunem og Bremanger AP v/leiar Nils Jørgen Sagebø

Arbeiderpartiet i Stad, Kinn, Bremanger og Vanylven har med vantru registert SV sitt framlegg til statsbudsjett. Dei vel å sjå vekk  frå alle rapportar og utredningar som har vore gjort i fleire tiår, og skrotar Stad Skipstunnel med eit pennestrok! Som salderingspost vel dei å oftre det einaste samferdsleprosjektet til sjøs – og til kva pris? Eit prosjekt som kostar ei knapp stortingsgarasje!

Stad Skipstunnel er eit prosjekt som er avgjerande for for liv og helse, for næringsliv og næringsutvikling og for framtidig verdiskaping i denne delen av kyst-Noreg. Det er og eit viktig element i arbeidet med å få godstransport over frå landtransport til sjø. Dette i seg sjølv er eit miljøtiltak som vil redusere CO2-utslepp radikalt på Stad-havet. Noko som SV vil løyve ekstra pengar til – berre ikkje her ser det ut som.

 I ein del av landet der samferdsla er vanskeleg – der også europavegane manglar gul-stripe er det naudsynt at Regjeringa sikrar at vi i det minste skal kunne nytte riksveg 1 – kystleia nord/sør.

Arbeiderpartiet har både lokalt, regionalt og sentralt arbeidd for dette i tiår, og vi aktar ikkje å gje opp kampen med dette. Våre haldningar til SV sitt alternative budsjett er grundig kommunisert til regjeringsapparatet vårt.