Innlegg

– Svært uheldig dersom interesserte aktørar velger ein annan stad å etablere seg

Næringsvennleg politikk, kva er det?

No er det på tide at vi også flyttar fokuset vårt innover til Nordfjordeid. Det vil vere svært uheldig dersom interesserte aktørar velger ein annan stad å etablere seg, fordi vi ikkje har tilgjengeleg næringsareal, skriv .Varaordførar for Stad Ap, Siri Sandvik og lokallagsleiar Judith Kvåle.   Foto: arkiv

Meiningar

Denne veka var det kommunestyremøte, det siste og på mange måtar viktigaste for året. Vi behandla budsjett og økonomiplan, som legg føringar for alt arbeid kommunen skal drive med det komande året både når det gjeld samfunnsutvikling og når det gjeld alle typer tenester. I år som tidlegare år handla store deler av debatten om eigedomsskatt.

Fleire parti hevda at fordi dei er så næringsvennlege vil dei ikkje pålegge eigedomsskatt for næringslivet. Det er for så vidt eit greit argument, men å vere næringsvennleg handlar om så mykje meir enn berre å unngå eigedomsskatt.

I Stad kommune har vi eitt samfunnsmål: Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.

Vi i Arbeidarpartiet er fullt klare over kor viktig næringslivet er for kommunen, og kor viktige arbeidsplassar næringslivet bidreg med. Og vi vil sjølvsagt legge til rette for næringslivet også framover.

I Stad kommune sin næringsstrategi, som er utarbeida i samarbeid med sentrale næringsaktørar, står det at nærlingslivet ønsker at kommunen skal ha ei brei tilnærming til næringsutvikling, med fokus på tilbod og tenester som aukar bu, besøks- og næringsattraktiviteten. Konkrete tenester som er nemnd er skule, barnehage, eldreomsorg, kulturtilbod, og tilgang til næringsareal og -bygg.

Det har lenge vore kjent at tilgang på nye, store næringsareal i nærleiken av Nordfjordeid er ei mangelvare. Etter at utbygginga på Stokkenes og Myklebust vart fullført, manglar vi no nye areal i dette området. Dette har vore problematisert av fleire, seinast av Ivar Moen på eit frukostmøte på Nordfjord Hotell i november. Allereie våren 2018 sende styret i Eid Industrihus KF (no Stad Eigedomsutvikling KF), brev til ordføraren om at det hasta å få i gang arbeidet med nytt næringsareal knytt til Nordfjordeid. Stad Eigedomsutvikling KF har gjenteke dette fleire gonger i sine orienteringar til tidlegare fellesnemda og ikkje minst til kommunestyret.

Difor var det overraskande at korkje Venstre eller Høgre, som begge omtalar seg som næringsvenlege parti, ikkje støtta Arbeidarpartiet sitt framlegg i kommunestyret om å starte planlegging av eit nytt stort næringsareal i nærleiken av Nordfjordeid. Vi meiner dei framstår lite truverdige når dei tilsynelatande stemmer i mot eigne overbevisningar som her.

Det pågår eit stort arbeid med tilrettelegging av næringsareal i ytre del av kommunen, særleg i samband med Stad skipstunnell. No er det på tide at vi også flyttar fokuset vårt innover til Nordfjordeid. Det vil vere svært uheldig dersom interesserte aktørar velger ein annan stad å etablere seg, fordi vi ikkje har tilgjengeleg næringsareal.