Meiningar:

Borten må hindre norsk-aborten i høgare utdanning

Ådne Reidar Nes Kleppe er nestleiar i Norsk Målungdom, og lektorstudent i engelsk ved NTNU.  Foto: Privat

Meiningar

Bruken av engelsk i høgare utdanning i Noreg er skremmande, og er ei stor bekymring for meg. Ministeren for høgare utdanning, Ola Borten Moe, gjekk for nokre veker sidan ut og sa at den nye regjeringa beståande av Ap og Sp vil dempe bruken av engelsk i høgare utdanning, og hindre at norsk vert ekskludert. Hurdalsplattforma, som regjeringa er tufta på, har ei formulering som seier at norsk språk skal løftast fram i høgare utdanning og forsking.

Som student gleder det meg å sjå at dette vert prioritert av den nye ministeren for høgare utdanning. Om vi skal kunne halde fram med å ha våre eigne kunnskapstradisjonar, drive med kunnskapsopplæring, og ikkje minst vere ein formidlar av kunnskap, så er det heilt essensielt at vi er aktive og konsekvente i bruken av det norske språket. Dette gjeld både når det gjeld pensumbøker, undervisningssamanheng og i publisering av forskingsartiklar og gradar.

Historia om eit eige norsk språk er ein viktig del av den moderne norske staten og identiteten vår. Samfunnet vårt er bygd kring det norske språket, og det bør difor verte prioritert i høgare utdanning. Ein trussel i dagens akademia er den stadig aukande bruken av engelsk. Eg er ikkje imot engelsk i akademia på generelt grunnlag, men det er den utstrakte og aukande bruken av språket, på kostnad av norsk, som eg er imot. Det er ingen tvil om at engelsk har ein viktig plass i akademia, men det er òg mykje grunna måten ein vert lønna på ved publisering av forskingsartiklar. Slik det er i dag, vil ein som forskar tene meir om ein publiserer på engelsk, både når det gjeld pensum og forskingsartiklar. Konsekvensen er at det er gunstigare å skrive på engelsk enn på norsk. Dette er noko som Borten bør ta tak i.

I Prop. 108 L (2019–2020) står det følgande:

“At den offentlege debatten går føre seg på norsk, legg til rette for at fleire får høve til å delta, påverke og utvikle kunnskapane sine. Dersom debatt om faglege spørsmål skulle gå føre seg på eit språk som berre dei med lang utdanning meistrar, ville store delar av samfunnet miste høvet til å debattere og følgje med på viktige samfunnsspørsmål.”

Om ein skal ta vare på eit språk, er det viktig at det vert gjort i alle ledd i samfunnet. Frå god språkopplæring i barnehage, grunnskule, og den vidaregåande skulen, til høgare utdanning, kommunar og staten. Det er nettopp difor det er så gode nyhende at ein vil rydde opp i engelskdominansen i ein sektor som er så viktig for det framtidige Noreg. Det er viktig for demokratiet, den norske identiteten og tanken om kunnskapsdeling i høgare utdanning. Utdanningssektoren skal tene folket, og då må språket vere tilgjengeleg for folk flest. No er det vanlege folk sin tur til høgare utdanning på norsk.