Meiningar

Ein god start for ei ny regjering

Torbjørn Vereide.  Foto: Jostein Vedvik

Meiningar

Det her har vore nokre spennande veker. Arbeidet er intensivt, og eg set utruleg stor pris på alle dei gode innspela og tilbakemeldingane. No er statsbudsjettet levert. Sjølv om vi ikkje får gjennomført alt den første månaden, så kjennest det godt å vere i gang.

Barnehageprisen går ned. Alle barn er like mykje verdt. Økonomien må aldri vere eit hinder for å ha ungane i barnehagen. For første gong sidan 2013 blir maksprisen senka – no frå 3315 kroner til 3050 kroner i månaden. I dei vidare budsjetta skal vi òg byrje å jobbe inn gratis kjernetid i SFO for førsteklassingane. Det ser eg fram til.

Betre støtte til det organiserte arbeidslivet. I dei siste åtte åra har det blitt stadig dyrare å vere organisert. Til samanlikning ville du faktisk fått meir igjen på skatten som medlem av Norsk Huskattforening. Ikkje at eg har noko imot det altså, men tida er inne for å gjere noko meir for det organiserte arbeidslivet. No aukar vi fagforeiningsfrådraget med 50%. I neste statsbudsjett skal vi doble det.

Skular og omsorg blir styrka. I dette statsbudsjettet får Stad Kommune 5 millionar meir. I ein tøff kommuneøkonomi kan dette komme godt med. Vi har verdas beste tilsette i både skulen og i eldreomsorga. Men dei tillitsvalde har vore tydelege. Det dei tilsette treng no er tid og tillit til å gjere det som dei er god til. Ei god grunnbemanning er avgjerande for tryggleik og trivsel. Sjølv om desse pengane ikkje kan snu om på alt, så trur eg at dette vil bety noko for dei gjelder.

Elavgifta blir halvert i vintermånadene. Uansett om familien er liten eller stor, så er vi mange som har kjent litt på det når vi opnar straumrekninga. Denne vil vere høg i lang tid framover, og her er det viktig at vi jobbar langsiktig med både krafttilgang og nettleige. Men det som kan gjerast politisk her og no, betyr òg noko. Difor er eg glad for at regjeringa halverer elavgifta i vintermånadane når straumen er dyrast.

Ferjeprisen går ned. På våre trakter er det mange som må pendle. Med ein kaffikopp og dekning på radioen blir det ikkje så aller verst. Men dyrare har det blitt. Pendlarfrådraget har blitt kutta i seinare år, den nye regjeringa aukar det. Dei stigande ferjeprisane har òg vore eit problem. Med høgreregjeringa sitt budsjettframlegg hadde prisen på nytt gått opp ved årsskiftet. No går han i staden ned, og blir 30 prosent lågare enn for eit år sidan. I løpet av perioden skal prisen halverast, det har både Arbeidarpartiet og Senterpartiet vore tydeleg på.

Idretten og frivilligheita får meir pengar. Endeleg blir det full momskompensasjon. Fram til no har det vore avgifter på å drive dugnad. Det er på høg tid å få retta opp i. Lag og organisasjonar skal ikkje måtte bruke tida si på å selje dorullar. Dei må få gjere det dei er til for. Etter eit og eit halvt år med mykje isolasjon og einsemd er dette viktigare enn nokon sinne. Det er eit gjennomslag som eg er stolt av.

Det her er ein god start. Etter berre ein månad i regjering er vi allereie godt i gang. Oppgåvene er ikkje små, men eg er både klar og motivert. Dette får vi til i fellesskap.