Meiningar

-Vi må vakne opp og ikkje vere naive

Her kjem leiaren i Eid Handball med ope brev til politikarane i Stad kommune - tankar rundt leigesatsar i kommunale bygg, om fritidsaktivitetar og ungdom.

Rune Hanebrekke er leiar for Eid Handball.  Foto: Arkiv

Meiningar

Eg er leiar i Eid Handball. Vi har i løpet av pandemien mista mange spelarar og eg er uroa over situasjonen vi no er oppe i. Vi har også i mange år slitt med at ikkje alle medlemmar betaler treningsavgiftene. Vi opplever òg at nokre ikkje blir med på handball på grunn av at det er kostbart. Handball er ikkje i utgangspunktet en dyr aktivitet å drive med, men eg veit det er ungar som ikkje får lov til å vere med på grunn av at foreldra har dårlig økonomi. Dette synest eg er forferdelig trasig og vanskelig å handtere.

Hvis vi ser tilbake til 2018 og et politisk vedtak som blei gjort av tidligare Eid Kommune, står det svart på kvitt i heftet «Frivillig politisk plattform 2018-2021» under punkt 5.1 følgande:

«Kommunal støtte til frivillig sektor må skje på frivillig seksor sine premissar. Kommuna skal bidra ved å legge til rette, vere støttespelar og partner for frivillig sektor. Kommunale rammevilkår skal vere klare og tenelige sett frå den frivillige si side.» «Sak om reduksjon/fjerning av leigesatsar i andre kommunale bygg og idrettsanlegg skal setjast på dagsorden»

Når vi les dette, ser vi at vi er langt frå det målet når det gjeld fjerning av leigesatsar.

I folkehelselova står det i kapittel 6 blant anna at kommuna «skal bidra til utjevning av sosiale forskjeller». Dette må også gjelde fjerning av leigesatsar for kommunale bygg mot frivillige lag og organisasjonar, som igjen gjev alle barn og unge like vilkår uavhengig av foreldra sin økonomi?

No er vi på slutten av 2021 og vi har fått en god reduksjon i forhold til i 2019 då i Eid- og Haugen Handball sette fokus på dette, men vi er langt frå i mål. Er heftet som tidligere Eid Kommune presenterte ikkje noko verdt?

Kva er forskjellen på å drive f.eks et musikkorps og ein handballklubb med tanke på leigesatsar? Korpsa benytter skulane som er kommunale og betaler ikkje noko husleige. Brukarar av idrettshallane betaler husleige. Uforståelig for meg og utan logikk…

Stad kommune si leige ligg høgt over dei fleste andre idrettshallar i fylket. Mange har ei symbolsk leige og veldig mange har gratis halleige. Dette gjev oss et handicap økonomisk og sportslig i forhold til mange konkurrerande klubbar.

Eg viser til Paul Jakob Helgesen sitt innlegg i Fjordabladet 29/10-21 der han set fokus på kva som egentlig er situasjonen på Eid med tanke på rusmiljøet. Han viser blant anna til kommunestyret sitt vedtak i juni 2020 i samband med debatt om ruspolitisk handlingsplan:

«I tillegg til å legge til rette for aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar og næringsliv, skal det arbeidast med å ha gode kommunale fritidstilbod på rusfrie arenaer for barn og ungdom i Stad kommune.» Kva meiner Stad kommune og politikarane med å «legge til rette»?

Vi har flotte ungdommar rundt oss i kommuna! Det er ikkje slik at eg meiner at det kjem til å gå gale med ungdommar som ikkje er med på fritidsaktivitetar, men kan vi rekruttere og klare å beholde ungane og ungdommane i fritidsaktivitetar, held vi dei mest sannsynlig vekke frå andre miljø vi ikkje ynskjer dei skal bli en del av. Miljøet og samholdet i fritidsaktivitetar er godt og sterkt og har gode verdiar! Her blir mykje av grunnlaget for korleis ungane og ungdommane blir som vaksne lagt!

Når eg spør ungdommane om dei veit om der er mykje rus på Eid, får eg klart svar om at det er der. Ikkje berre tobakk og alkohol, men også narkotiske stoff. Vi må vakne opp og ikkje vere naive!

Eg skjønar at fjerning av f.eks halleige ikkje løyser dette aleine, men det kan hjelpe noko om vi får ungdommane med på fritidsaktivitetar.

Kjem ein av desse ungdommane på skråplanet med f.eks narkotikamisbruk, koster denne ungdommen aleine mykje meir enn det kommuna har i leigeinntekter frå frivillige organisasjonar!

Eid Handball har som alle andre klubbar mista mange medlemmer på grunn av pandemien. Vi melde på antall lag til seriespel ut i frå det vi hadde før pandemien. Vi har måtte trekt fleire lag frå serien i år på grunn av spelarmangel, dvs at spelarar har gitt seg med handball. Vi har i tillegg store utfordringer på fleire lag med å ha nok spelarar til å spele kampar. Kva gjer desse ungdommane på no? Har dei begynt på andre aktivitetar? Tvilsomt. Sit dei heime og speler spel på pcèn? Eller er dei i verste fall komt inn i andre miljø som vi ikkje vil ha dei i? Dette bekymrer meg som leiar i Eid Handball. Her må vi i lag gjere dei tiltak vi kan for å få ungdommane aktive. Om dei kjem tilbake til oss i handball eller på fotball, turn, ski, 4H, korps eller noko anna er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at dei er med på noko som gjev meining.

Eg veit Stad kommune har en trang økonomi og må gjere harde prioriteringar. Men eg ber berre om en ting: Fjern leigesatsane for kommunale bygg for frivillige lag og organisasjonar slik at ikkje økonomi er et hinder for at barn og unge skal vere aktive!! Det er barna våre som er framtida til Stad kommune! Det er no vi må legge til rette, ha gode rammevilkår og ta vare på det som er bygd opp gjennom generasjonar. Det er blitt et klasseskille i samfunnet vårt. Mange familiar har god råd, medan altfor mange har dårlig råd.

Prioriter barn og unge slik det så fint er intensjonar om i «Frivillig politisk plattform 2018-2021»

Skal dokumentet og vedtaket «Frivillig politisk plattform 2018-2021» vere verdt noko, må det handlast no! No er vi i 2021.