Meiningar

Avskyting av hjortebestanden er ute av kontroll

HJORTEJAKT: Frode Vik er oppvaksen i hjortebygda Ålfoten og har sidan barndomsåra drive med jakt på hjort. Han opplever at hjortestammen i Ålfoten er i ubalanse og at avskyting av bestanden er ute av kontroll.  Foto: Privat

Meiningar

Hjortejakta før og no er ikkje til å kjenne att. No har det vorte reine industrien for mange jaktlag \grunneigarlag. Mykje av det sosiale og ikkje minst rekruttering til jakt er borte for mange av jaktlaga i bygda. Før var fellesskapet noko heilt anna rundt jakta.

Forvaltning av bestanden. Forvaltninga seier at her er for masse hjort i område vårt. Det er ein påstand eg ikkje er einig i.

Eg er ein person som bruker mange timer i skog og mark, då ville eg ha sett dette. Eg vil heller sei att bestanden er minkande og i sterk nedgang. Kva er det forvaltninga legger til grunn her det skjønner eg ikkje i det heile.

Er det vårteljing og sett hjort dei bruker som maler her? Då seier det litt kvifor ein er på ville veger no. Dei personar som er tilsette og skal forvalte stammen må i større grad ut blant jaktlaga og høyre kva som er best i deira område og ikkje minst fornuftig. Det hjelper ikkje og sitte inne og lese seg opp på rapporter og tal og statistikkar som blir laga. Meir samspel og opne dialogar er nøkkelen her. Det kan no ikkje vere så vanskeleg og få til.

Avskyting og kvoter. Kva er det rette? Her er mange meningar. Men ein ting er heilt sikkert at slik denne forvaltninga er i dag er den totalt ute av kontroll.

Eg tar nokre eksempel her. Ålfoten er delt i Storvald og ikkje storvald. Kva er skilnaden her, og kven har lage denne forbaska dumme lova?

Storvald eller ikkje. Her blir ikkje meir dyr av å kalle det storvald. Står du utanfor storvaldet har du heilt andre avskytingsmodellar enn om du er med. Er du utanfor skal du skyte mange fleire prosent kalvar og koller, og har nesten ikkje løyve på å skyte bukkar i desse valda. Du skyter kalvar frå mor, og i neste jakt skyter du mor, som då kommer som einsleg kolle utan sine kjære kalv.

Dette er forvaltning av verste sort. Og eg blir så frustrert på dei som synest att dette er ok å drive med.

Kronhjortebestanden er aukande i vårt område. Det kan være positivt det. Men då må avskytingsmodellen på denne gruppa fordelast ut på alle jaktlaga i bygda.

Her er vi tilbake til denne håplause storvald modellen, der nokre lag ikkje har lov å skyte denne gruppa i det heile eller har fått tildelt berre nokre få.

Skal ein skyte hjort og kronhjort skal alle laga i bygda få ta del i dette. Det kan det vel ikkje vere nokon tvil om.

Eg lurer også litt på kva er vitsen med at vi i nokre av dreva vi har kan sjå 10-til 20 små hjortar 2-4 greiner, men her får vi ikkje hauste noko av det. Her vil eg bruke ordet håplaust.

Det bør også fram i lyset at det i den seinare tida har vorte funne meir døde dyr i denne gruppa som har vorte skadd i kampar. Vi ser også ein aukande tendens med stikkskadar her. Det har samanheng med for stor andel av denne gruppa dyr og at her difor er fleire kampar.

Eg håper snart att vi få tilbake noko av jaktetikken som var før, der gleden av å gå i skogen og sjå kolle og kalven få springe av glede og du fekk ei fantastisk oppleving. Eller at sjølvaste storhjorten kom på besøk og du vinka den vidare. Då blir det kjekt med jakt att.

Eg vil avslutte dette skrivet med diktet Hjortekalven som er skrive av min far ut frå ei hending der ei kolle med kalv i magen vart skoten. Kalven står no på Ålfotetunet.


Hjortekalven

Mor mi ho fikk ikkje bere meg fram til livet i skogen, historia er sann.

Eg prøvde og ta mine fyrste steg, og dansa i sola til skogens fred.

Eg var vel heldig som kan få stå, på Ålfottunet so de får sjå.

Ein liten fortryllande kalv so fin ja kunne eg smile, ja eg er din.

Når hjorten brølar og jakta går ein kamp for livet vi alle får.

Eg gamal aldri vil føla meg, om hjorten døyr, ja så står eg her.

I sorg og glede på livets veg, eg heiter Bambi ver god mot meg.

Eg kan so masse av sprett og sprell,

Når dagen lider og går mot kveld.

I Ålfotbygda har hjorten gått, frå tidenes morgen, ja tenk kor flott.

Min far og min mor fekk eg aldri sjå, men på Ålfottunet vil eg alltid stå.