Sei ja til ei grøn framtid!

Alfred Bjørlo er 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane.  Foto: Helle Frogner/Vestland Venstre

Meiningar

Min viktigaste grunn for å stille til val til Stortinget for Venstre i Sogn og Fjordane i 2021, er at eg er 100% distriktsoptimist. No trengs meir enn nokon gong tydelege, tøffe politikarar som «brøytar veg» for ein ny distriktspolitikk nasjonalt.

Eg og Venstre brenn for at langt fleire enn i dag skal oppdage kor gode kvardagsliv det går an å leve utanfor dei største byane. Vi som bur på Vestlandet er plassert midt i smørauget for det nye næringslivet som vil vekse i åra framover. Då må staten og sentralmakta i Oslo vere med på laget. Statlege arbeidsplassar og utdanning må desentraliserast. Vi må gjere livet enklare for dei som startar og driv små bedrifter – og folk flest må få meir fridom og større armslag i kvardagen,

Klima- og naturkrisa er vår tids viktigaste kamp. Vi må ta vare på naturen og samtidig kutte klimautslepp raskt. Samtidig er den grøne omstillinga Sogn og Fjordane sin største sjanse nokonsinne til vekst, nye arbeidsplassar og distriktsoptimisme. Framtidas jobbar ligg langs kysten og i distrikta – og dei krev samarbeid på Vestlandet og med verda rundt oss. Difor vil Venstre slå ring om EØS-avtalen, ikkje setje han i spel.

Venstre trur på ei betre verd – med reinare natur, meir fridom i kvardagen og respekt for at folk vil leve ulike liv. Og der distrikta før ei ny blømingstid. Sogn og Fjordane treng ei sterk røyst på som kan gjere veg i vellinga i Oslo – skape glød og optimisme i det daglege, og slå gjennom med våre krav når det trengs. Ønskjer du også det, er det berre éin ting å gjere: Røyst Venstre ved stortingsvalet 2021.

Godt val!