Meiningar

Politikk som treffer tida vi lever i

Dagens blå regjering har vore den mest sentraliserande regjering i fredstid. Skal ein kunne snu utviklinga i distrikt Norge og lykkast med ny busetnad , er det no på høg tid med ein heilt ny kurs.

Jostein Eimhjellen  Foto: Privat

Meiningar

Sp er med bodskapen «Tenester nær folk» på god veg mot regjeringsmakt, men vi ser stadige angrep frå Høgre og Frp som omtaler Sp som eit populistisk parti som ikkje vil endre på noko, men heller går bakover.

Er ei meir sannferdig forklaring at Sp kjempar fram ein politisk bodskap som er framtidsretta og moderne for vår tid?

Kva for verdiar set folk pris på? Korleis ønsker mange av dagens borgarar å bu og leve? Kva for samfunn ønsker vi at våre barn og barnebarn skal vekse opp i? Sjå verda vi lever i. Sentralisering og stordrift er også eit verdispørsmål!

Vi er i ei tid der verda blir kaldare og meir brutal. Regjeringa sine sentraliserings– og stordriftsreformer treff ikkje folk i heile landet, og er totalt feil løysing for dei samla utfordingane landet har.

Tilboda til dei mindre kommunane skal reduserast. Demokratiet, som skal vareta distrikta si framtid skal vekk gjennom vidare tvangssammenslåingar av kommunar og økonomiske strupetak. Framgangsmåten i det som ironisk nok blei kalla ein demokratireform, vart mange stader ein diktatorisk tvangsreform.

Det er elles uforståeleg kvifor Høgre vil sentralisere meir til dei store byane, når folket som bur i storbyane har meir en nok med dagens storby utfordringar innan både rus , psykiatri, rush trafikk og bommpengar? Storbyane får i dag ei ekstra storby tilskot pr innbyggjar gjennom sit inntekt system til å dekke slike ekstra utfordingar som storbyane har. Er det ikkje totalt sett ei betre og meir berekraftig løysing å fokusere på desentraliserte tilbod slik at vi kan ta heile landet i bruk ?

Sentraliserer vi makt og tilbod, fjernar vi også folk frå distrikta. Vi seier då nei til levande samfunn som i tillegg til industriarbeidsplassar kan skape grøne næringar mellom anna innanfor reiseliv, oppleving og landbruk, og ja til endå meir folk i byane med størst moglege skular og barnehagar. Vi seiar i realiteten ja til alle dei negative utfordringane som ei samla sentralisering fører med seg og nei til trygge gode lokalsamfunn. Ifølge Erna og co. er desse gode samfunna for lite robuste, og det er varsla vidare «tvangsarbeid» med å deformere kommune-Noreg. Dette er ein trist politikk.

Av alle parti er det Sp som er mest tydeleg på at regjeringa med alle sine reformer no fører landet på feil kurs. Å kjempe for gode lokale tilbod der folk bur, er ikkje bakstreversk. For å demme opp for dei sterke sentraliseringskreftene treng vi politiske løysingar og verkemiddel som mogleggjer for at dei små kan vekse, og ikkje omvendt.

Vi ser at dagens regjering har brukt milliardar på enorme endringar, som i seg sølv ikkje løyst noko problem. I kvar reform ser vi at svaret har vore større einingar og sentralisering. Tenk om alle desse pengane kunne blitt brukt på noko positivt som distrikta verkeleg treng?

Før fylkessammanslåinga vert det poengtert at næringslivet i Sogn og Fjordane gjekk svært bra, og at vi var eit suksessfylke. Kvifor skulle vi då gjennom store strukturendringar, der vi no i framtida skal bli styrt av en storebror i sør? Her vil reversering vere ei klar forbetring og eit stort skritt framover.

Når næringslivet går bra, treng ein tilgang på kommpetansearbeidskraft. Skal ein lokke ein familie til å busette seg, treng distrikta tilbod og attraksjonskraft, og det er ofte to som skal ha ein jobb. Om alle dei blå reformane blir gjennomført, forsvinn ei rekke offentlege arbeidsplassar til meir sentrale strøk, og dette vil i neste omgang ramme anna verksemd og dermed mange lokalsamfunn.

For det lokale næringsliv blir det nettopp poengtert nødvendigheita med ei lokal hand på rattet og lokalt eigarskap, slik er det med offentleg styring og. Der makta set, der er kapitalen og der vil utviklinga skje. Kommunegrenser, rådmannen, ordføraren og eit lokalpolitisk styresett er barrierar mot sentralisering, og sjølve grunnsteinen og motoren for å sikre ei positiv utvikling.

Vi treng no fred i dette landet. Etter ein åtteårig kald vinter vil ei ny rødgrønn regjering med Vedum som kommunalminister vere den beste gåva reformskada og trakasserte småkommunar kan få.