Meiningar

Alfred vil få utretta mykje meir frå Stortinget

Det er ingen sjølvfølgje å kunne få ein så røynd og slagkraftig politikar som Alfred Bjørlo til å representere Stad, Nordfjord, Sogn og Fjordane og Vestland i landets nasjonalforsamling.

Jon Frogner er leiar for Stad Venstre.   Foto: Pressefoto

Meiningar

Om du vil ha ein som kjempar for Nordfjordbrua, om du ønsker meir desentralisering av statlege arbeidsplassar og økt satsing på desentralisert utdanning i Nordfjord, om du vil ha meir samarbeid i Vestland, om du vil byggje eit grønt næringsliv i regionen, basert på EØS-avtala, om du vil verne verdifull natur, ha trygge kvardagsvegar og ein forkjempar for Nordfjord sjukehus, og som legg til rette for at folk skal kunne bu og leve som dei sjølv vil, finst det ikkje ein betre kandidat enn Alfred Bjørlo. Og kven kan svare betre for Stad skipstunnel i Stortinget enn han, under byggeperioden?

Meiningsmålingane syner at sjansene er store for at Venstre og Alfred kan vinne utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane. Eg vil be folk om å ikkje halde han tilbake, berre fordi han har gjer ein framifrå jobb som ordførar. For å komme vidare må vi vere villige til å la Alfred få vise kva han er god for på nasjonalt nivå.

Stem Alfred og Venstre i stortingsvalet, for endå meir positiv utvikling lokalt.