Meiningar

MDG vil verne Nordfjorden mot meir oppdrett !

Nordfjorden skal ikkje øydeleggast for å nå regjeringa sine målsetjingar!

Mariel Eikeset Koren, er 2. kandidat Miljøpartiet De Grønne (MDG) i Sogn og Fjordane og Marius Langballe Dalin, er 1. kandidat MDG Sogn og Fjordane.   Foto: Privat

Meiningar

Regjeringa har foreslått ei femdobling av det nasjonale havarealet som kan brukast til fiskeoppdrett. Samstundes har Stad kommune, med Alfred Bjørlo ved roret, byrja planlegginga av ei storskala utviding av og tilrettelegging for oppdrettsnæringa i kommunen. Ei slik auke av oppdrett i Nordfjorden vil i så fall skje på trass av faglege råd om forvalting av fjorden og på trass av lokalt engasjement for å få stoppa desse utbyggingane på omlag kvart eit nes.

Trass i at Nordfjorden har vorte målt til såkalla raudt nivå for smitte av lakselus fleire år på rad ønsker ein altså å legge til rette for meir utbygging. Trass at ein inst i fjordane våre finn lakseelver og nasjonale laksefjordar som får direkte påverknad av det som skjer i anlegga lenger ute i fjorden ønsker ein å legge til rette for ein mangedobling av denne typen næring. Og til og med trass eit enormt engasjement frå innbyggarane langs heile fjorden mot auke i mengda oppdrettsanlegg ønsker ein å legge til rette for denne typen utbygging.

Dagens oppdrett står for enorme øydeleggingar av havbotnen, stor spreiing av lus til villfisken og elendig dyrevelferd. Og med ei døydelegheit på 27% i 2019 var Sogn og Fjordane verstingen i heile Noreg. Samstundes har det aldri vorte funne så mykje lus på villfisken som det vart i sommar, og villaksen er no på veg til å bli ein trua art på grunn av oppdretten. Med dette som utgangspunkt og bakteppe har altså Venstre og partia i posisjon i Stad kommune gått inn for mange fleire anlegg i fjorden vår.

Miljøkonsekvensane av dagens oppdrettsindustri er totalt uholdbare!

Næringa sjølv snakkar om lukka bruk “i framtida”, men det finst enn så lenge ingen måte å følge opp dette på med dagens regelverk. Regjeringa har heller ikkje synt vilje til å regulere dette slik at ein kan få pensa næringa over i eit meir miljøvenleg spor. Fordi det ikkje ligg nasjonale føringar i botnen er det difor likevel sjanse for at kommunen gjev løyve til utbygging dersom miljøvenleg teknologi skulle vise seg å vere for dyr eller omfattande å ta i bruk for utbyggaren.

Noreg låner ut dyrebare fjordareal til laksebaronar og får øydelagde laksestammar, naturrasering og kloakk tilbake. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne trur diverre ikkje at næringa kjem til å legge om til grøne og miljøvenlege driftsmåtar utan at det vert stilt ambisiøse og tydelege krav frå dei som styrer. Difor krever vi fem års drift utan dokumentert rømming og luseproblem i Sogn og Fjordane før nye konsesjonar kan verte gjevne, og dagens utgreiing og konsesjonsprosess i Stad og Nordfjord må setjast på vent. Det einaste vi per i dag kan sjå føre oss kan vere fornuftig og framtidsretta er eitt enkelt, lukka forskingsanlegg med lukka teknologi dersom dette vert tilrådd av Havforskningsinstituttet, og på ein plass som ikkje er til skade for fjord eller folk.

MDG har programfesta at vi kun vil gje konsesjonar til lukka oppdrettsanlegg og kreve lukka teknologi på alle eksisterande anlegg innan 2025, og ingen vekst på eksisterande anlegg skal tillatast med mindre dei har null utslepp, null lus, null rømming og låg døydeligheit i merdane.

Oppdrettsnæringa og Stortinget har i 20 år insistert på at dei skal løyse miljøproblema utan at noko har skjedd. Nordfjorden er for verdifull for oss som lever i og av og kring han til å kunne tillate eit einaste nytt oppdrettsanlegg så lenge vi ikkje miljøproblema er løyst.

Fjorden har inga stemme, men du kan gje di stemme til MDG.