Meiningar

Rasering av miljøet ved Seljesanden

Miljøet ved Seljesanden vert rasert, meiner Leif Berstad.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Meiningar

Stad kommune har arbeidd mot innbyggjarane sine interesser ved å gi frå seg kontroll over så stort areal som hotellinvestorane no har fått. Tomta er regulert til hotelldrift.

Det vi no ser frå desse entreprenørane, er langt meir. Miljøet ved Seljesanden går frå kyrkja og den eineståande særprega naustrekkja vidare over sanden og til prestegarden.

Kommunen har engasjert seg i prestegardsmiljøet som no framstår nær slik det var for to hundre år sidan og harmonerer med miljøet ved nausta, kyrkja og sanden.. Kontrasten til slik "hotellplanene" framstår er skrikande. Går Stad kommune med på investorane sine planer, vert hotellområdet eit gnagsår i folk sine auge samme kva kant eller ståstad ein ser det frå.

Dei som investerer gjer det for å tene pengar. Ordet entreprenør er samansett av franske ord for kome og ta. Det investorgruppa prøver på no, er så tydeleg grunnlagt på profittmaksimering at Stad kommune må seie nei til all utbyggjing som ikkje er relatert til utleige av hotellrom og storstove for bygda Selje.

Kommunestyret må ta vare på innbyggjarane, ikkje utbyggjarane.