Kven var det sin tur sist?

Raymond Myren frå Stadlandet.  Foto: Privat

Meiningar

Å nytte eit omgrep som «vanlege» folk er folkeleg og artig å slengje rundt seg med. Men kven er dei, desse vanlege som har sin tur no?

Ap har gjort det til sitt slogan i valkampen. Eg synest det er litt forvirrande. Er eg vanleg nok til å bli med på tur no? Eller er eg ein av dei som var ferdige med vår tur for ei stund? Ap lagar politikk for vanlege folk som passar nøyaktig inn i A4-formatet som dei har definert. Å ta styringa over familiane sin kvardag er ein del av dette. Alle skal arbeide 100 % både mor og far. Alle skal nytte seg av SFO og barnehage, der idealet er maks utnytting av tenestetilbud for borna og maks produksjon i arbeidslivet.

Det er få som tør å vere ærlege på at eit slikt køyr både på jobb og heimebane ikkje er ei livskraftig ordning for alle. Men viss du er vanleg, så skal nok dette fungere bra meiner Ap. Det er ei kjensgjerning at det i mange høve er vanskeleg å fordele foreldrepermisjonen ideelt slik som fleirtalet i Strortinget vil ha det. Det er kanskje lurt, for det fører til at ikkje all fødselspermisjon vert teke ut nettopp fordi det ikkje er mogleg, samstundes som mange kvinner vel ulønna permisjon i tillegg til mor sin del av fødselspermisjonen.

Staten opptrer her som generøs for «vanlege folk» men sparar soleis pengar sidan dei «uvanlege folka» grunna jobbsituasjon ikkje maktar å gjere seg nytte av dei… Då vil eg seie so naboen sa: «Gjevaren og åtetakaren er største stakaren».

Er det mogleg å vere vanleg og arbeidsgjevar samstundes tru? Eller er det berre arbeidstakarar som er vanlege… Det er vel Ap som har definisjonsmakta her…

KrF meiner at alle menneske har same verdi og like menneskerettar, jamvel heilt frå starten og fram til alderdommen, anten du er vanleg eller heilt uvanleg. Vi er ikkje skapt like men menneskeverdet er det same for alle.

Difor vil KrF mellom anna stå opp for større valfridom for familiane, slik at dei kan velje dei løysingane som er best for seg sjølve og borna.

KrF vil:

- La familiane bestemme meir over familiepermisjonen.

- Auke barnetrygda

- Ta vare på kontantstøtta

Røyst KrF !