Betre fylkesvegar!

KrF er heilt einige med leiaren i avisa; Folk fortener betre fylkesvegar.

Trude Brosvik frå KrF kjem her med eit svar til leiaren som stod på trykk i Fjordabladet fredag 27. august.  Foto: Pressefoto

Meiningar

Derfor er vi stolte over regjeringa, og særleg KrF sin samferdselsminister Knut Arild Hareide, som har prioritert midlar til fylkesveg meir enn nokon før han. I Nasjonal Transportplan (NTP) er det laga ei ordning som doblar det fylket frå før har og går inn med, til utbetring av fylkesvegnettet. Det er lagt inn pengar til tunnelsikring ut frå det faktiske behovet. Og her veit vi at for Vestland fylke, som er tunnelfylke nr 1, så er dette svært viktig! Og i tillegg er det løyvd ekstra med rasmidlar.

Likevel; behovet for opprusting av fylkesvegane er store. Så det vil bli harde prioriteringar innad i fylket.

KrF vil halde på vedtekne prioriteringar, også den nasjonale rassikrings-standarden. I tillegg vil vi auke potten til flaskehalsutbetringar. Dei av oss som bur langs ein fylkesveg, veit at relativt små utbetringar og fleire møteplassar kan gjere stor skilnad på pendlarvegen. Dessutan har næringslivet sine behov for flaskehals-utbetringar for å kome lovleg fram med dagens bilar, vist at det er viktig å vurdere kva som skal til for å klasse opp vegar.

Men KrF har altså lagt eit godt grunnlag i NTP for å satse på fylkesvegar. Stem KrF ved valet så kan vi halde fram med det gode arbeidet for betre vegar!