Meiningar

EØS - livsviktig for Sogn og Fjordane

F.v. Gunhild Berge Stang, 2. kandidat, Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, og Ole Martini, 3. kandidat og ungdomskandidat  Foto: PRESSEFOTO

Meiningar

Kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane har bedrifter som er avhengige av EØS-avtalen. Likevel vil både Senterpartiet, SV og Raudt setje EØS-avtalen i spel dersom dei kjem til makta. Det er å gamble med titusenvis av arbeidsplassar i distrikts-Noreg. Venstre vil vere garantisten for at det ikkje skjer.

I Sogn og Fjordane har vi eit utprega internasjonalt og eksportretta næringliv, med Europa som den viktigaste marknaden. For store deler av bedriftene våre, er EØS-avtalen sjølve navlestrengen til inntektene ved at avtalen gjev dei marknadstilgang til EU-landa. På landsbasis er kvar fjerde jobb i norsk næringsliv er eksportbasert.

Det siste næringslivet i Sogn og Fjordane treng no, etter halvanna år med uvisse på grunn av ein global pandemi, er endå meir uvisse. Denne gongen om dei kjem til å ha tilgang til marknaden sin også etter valdagen, med Sp, SV og Rødt i regjering og/eller vippeposisjon i Noreg.

Vi skal ikkje kimse av dei partia som ønskjer å ta Noreg ut av EØS-avtalen. Røynslene med Brexit tener som ei åtvaring. I Storbritannia stupte investeringane då det var klart at Brexit var eit faktum. Sjølv om dei til slutt vart lova ein ny handelsavtale, flytta eksportindustrien ut til andre EU-land. Industriarbeidarane – og fiskarane - sat igjen med svarteper, trass i fagre løfte på førehand frå dei politikarane som gjekk i front for Brexit.

Senterpartiet har også teke til ordet for å kutte Noreg sine økonomiske bidrag til EU gjennom EØS-midlane og dermed trappe ned Noreg si rolle i ulike EU-program. Dette er svært dårleg nytt, ikkje minst for ungdom som deltek i mange utvekslingsprogram og tek utdanning i EU-land. Ikkje minst er Europa-samarbeidet avgjerande for å løyse felles klima- og miljøkrise.

EØS-avtalen tener oss godt. Det er uforståeleg at enkelte parti kan gå til val på å avvikle berebjelken for store deler av næringslivet vårt. Stem på at bedriftene våre får ei trygg framtid. Stem på at det skal vere mogleg for ungdommane våre å reise ut i Europa og ta utdanning. Stem på meir samarbeid på Vestlandet og i Europa, ikkje mindre. Stem Venstre!