Årets skulestart blir ekstra viktig

Meiningar

Denne veka har 280 born i Bremanger, Gloppen, Stryn og Stad gått inn skuleporten for aller fyrste gang. Nokon har gleda seg lenge, andre grua seg kanskje litt. Mange kjenner kanskje litt på begge deler. Det er ei høgtidsstund med glede og spenning, men og eit viktig underliggande alvor. Skulen er vår viktigaste arena for å gje born og unge moglegheit til å lukkast i livet og utjamne sosiale skilnadar, og vi er nok alle letta over at vi no går eit meir normalt skuleår i møte.

Det er 280 svært ulike born som møter opp på sin fyrste skuledag. Nokon kan allereie lese og skrive litt, andre skal veldig snart få den hjelpa til å knekke koden. Nokon kjem frå ressurssterke familiar med høg utdanning, andre ikkje. Nokon har lese- og skrivevanskar, nokon har ei funksjonshemming, og andre har konsentrasjonsvanskar eller vanskeleg for å få seg venner. For andre blir skulen veldig raskt for lett og saknar utfordringar. Skulen kan ikkje, og skal ikkje, møte alle på same måte. Den må sjå kvar enkelt elev den dei er.

Dette er problemstillingar vi i fellesskap må handtere kvart einaste år i skulen, men i år er det ein spesielt viktig skulestart.

Mange av dei som startar i fyrsteklasse har kanskje ikkje fått besøke skulen før skulestart. Mange av dei som kjem tilbake til skulen etter sommarferien har lagt bak seg eit år med kohortar, fargekodar og nedstengningar. Overgangen frå barnehage til grunnskulen har alltid vert stor, men i år kan den opplevast større.

Mange barn har mista tid med venner og familie, og opplevd ei usikker og utrygg kvardag. Friheit har vert innskrenka og moglegheitene få. Det kan vere ekstra vanskeleg å førebu seg til eit skuleår - og ikkje minst ein skulestart når ein står midt oppi ein pandemi.

Derfor blir skulestart i år ekstra viktig. Kvart einaste born som går gjennom dei portane har ulik forventningar, men viktigast av alt ulike forutsetningar for meistring og læring. Vi vil at alle skal møte ein skule som gjev like moglegheiter for alle.

Høgre går til val på at 9 av 10 skal fullføre vidaregåande opplæring innan 2030, og at innan 2025 skal 5000 fleire elevar fullføre kvart år. For å nå desse måla må vi starte no. Vi må starte så fort årets fyrsteklassingar har satt sine forventningsfulle bein inn i klasserommet for fyrste gang.

Pandemien vil mange husge for fråvær av nærleik til venner, familie og sosiale arenaer. No kjem ei tid vi skal hugse gleden over å ta tilbake friheit og kvardagsglede. Ikkje minst skal vi ta tilbake klasserommet, læringsglede og meistring. Lukke til med skulestart denne veka!