Meiningar

Når vart Venstre eit klimaparti?

Marius Langballe Dalin , 1. kandidat MDG, og Mariel Eikeset Koren, 2. kandidat MDG.  Foto: Pressefoto

Meiningar

Alfred Bjørlo skreiv i sitt innlegg i Fjordabladet 10.08. at klimaendringane er her no, og under valkampopninga i Oslo melder Guri Melbye at årets val må bli eit klimaval. Det er vi i Miljøpartiet Dei Grøne heilt samde i. Det Bjørlo og leiinga i Venstre ikkje tør å seie høgt, er at dei har svikta i klimapolitikken i snart åtte år.

Sjølv med nedstengingane under koronapandemien klarte ikkje Noreg å nå klimamålet for 2020. I løpet av 2020 og 2021 har Noreg sine utslepp blitt kutta med 3,2%. SSB rappporterer at store delar av usleppa som har blitt kutta har vor epå grunn av koronapandemien.

Dei siste åtte åra har vore skjebnesvangre for klima og natur, medan Venstre har latt seg kneble i baksetet av ei regjering der FrP har site i førarsetet. Difor meiner vi at heile regjeringsapparatet med Venstre, Høgre og KrF må bytast ut, og at Venstre sitt forsøk på å reinvaske seg vert for lite, for seint.

Dei fleste av oss i Sogn og Fjordane lever enten på ei elveslette, ved fjorden eller i bratte bakkar. Med dei klimaendringane som er her no og som FN spår vil vi sjå havet stige og bekkar vakse til frådande elvar og vaske med seg alt i sin veg. I Nordfjord har vi allereie fått fleire forsmakar på korleis ekstremveiret raserar og øydelegger.

Vi ser no tidenes innmeldingsboom i Miljøpartiet Dei Grøne, med over 1400 nye medlemar på tre døgn! Dei har skjønt det regjeringa, AP og SP ikkje har skjønt: Klimakrisa må stoppast, og det må skje no. Årets val er eit klimaval, men dersom dei borgarlege partia eller opposisjonen vinn fram vil vi ikkje sjå endring i tida som kjem. Tida er komen for å stoppe med oljeleitinga, kutte utsleppa radikalt og satse på klimapolitikk vi veit verkar – og vi må våge å stå for denne klimapolitikken når vi havnar i forhandlingar. Det må vere slutt på å peike på andre land og seie at det er dei som må gå føre med eit godt eksempel, ikkje vi. Noreg treng leiarar som er villege til å ta inn over seg ansvaret for klima og miljø og for den situasjonen vi er i no. Vi treng leiarar som vågar å gjere noko kvar dag og i alle forhandlingar – ikkje berre snakke om det når valet nermar seg og klimaalarmane ular.

Valet i år må bli eit val for klima og natur, og då finst det berre eitt miljøparti. MDG er det einaste partiet som lovar å stille eit ufråvikeleg krav om stans i all oljeleiting dersom vi skal støtte ei ny regjering. Vi er partiet som som lovar å aldri ofre klima eller natur for makt. Vi er partiet som gjev ei trygg framtid til ungane våre.

På vegne av alle som skal arve kloden etter oss kjenner vi eit stort ansvar for å seie ifrå høgt og tydeleg at regjeringa og Venstre sin klimapolitikk ikkje har holdt vatn.

Den enklaste handlinga du kan gjere for klimaet i år, er å bruke røystesetelen din. Røyst MDG.