Meiningar

Vi må ta ansvar for klimakrisa

Alfred Bjørlo er 1. kandidat til Stortinget for Venstre i Sogn og Fjordane.  Foto: Vestland Venstre/Helle Frogner

Meiningar

Denne veka kom den nye rapporten frå FN sitt klimapanel. Rapporten er alvorleg – og bør endre norsk valkamp. Også i Sogn og Fjordane.

FN-rapporten syner at verda får stadig meir ekstremveir. Med mindre vi klarer å endre kurs raskt, vil hetebølgjene, flaumane og skogbrannane vi har sett over heile verda i sommar, berre bli verre og hyppigare.

Og endå viktigare: FN sin nye klimarapport fjernar ei kvar tvil om at klimaendringane er menneskeskapte.

Men rapporten syner også at det ER mulig å bremse klimaendringane og nå måla i Paris-avtalen – viss vi kuttar utslepp raskt. Vviss alle land bidreg, og nokon land går føre og utviklar nye grøne løysingar som resten av verda kan ta i bruk.

Her er Noreg og Vestlandet i ei særstilling. Klima- og naturkrisa må bli valkampsak nr 1. Vi som politikarar må syne at vi tar leiarskap, tar ansvar og har svar på FN sin «raude alarm». Ein kvar diskusjon om å svekke tempoet i klimapolitikken, slik til dømes Sp og Frp vil, må vere heilt utelukka.

Dei siste åra har klimautsleppa i Noreg gått ned år for år. Det er bra. Men no må det gå raskare. Vi må stille endå strengare klimakrav, halde fram satsinga på ny teknologi og gjere det lønsamt å ta grøne val i kvardagen. Og kor ubehageleg det enn måtte vere: Vi kan ikkje leite etter meir ny olje. Den tida er forbi. Det seier FN i klartekst.

Skal vi unngå temperaturauke på over 1,5 grader må alle klimautslepp det er mulig å kutte, kuttast i løpet av 10 år. Alle land må feie for eiga dør, og i tillegg hjelpe andre land å kutte sine utslepp.

Og er vi i Noreg først ute med grøn omstilling og nye grøne løysingar, til dømes utsleppsfrie skip, hydrogen og ny batteriteknologi, så er vi i tillegg med på å skape berekraftige bedrifter og arbeidsplassar for framtida. Ikkje minst her på Vestlandet og i Sogn og Fjordane.

Difor må stortingsvalet 2021 bli eit klimaval – også i Sogn og Fjordane. Stortinget kan ikkje dei neste fire åra vere dominert av parti som vil pumpe opp meir olje og halde fram som før: Ap, Sp, Høgre og Frp. Vi kan heller ikkje setje oss på sidelina og seie nei både til å vere med å styre landet og til å delta i klimasamarbeid i Europa av ideologiske årsaker, slik Rødt går til val på.

Det har vi ikkje tid til. Klimahandlinga må kome no. Klimakutt er ikkje «politisk spel», ideologisk teori eller noko som kan vente til seinare. Når Sp-nestleiar Ola Borten Moe sin fyrste reaksjon på FN sin dramatiske klimarapport er at denne ikkje bør få følgjer for Noreg, men at det er Polen og Kina som no må ta tak, så har ikkje Sp forstått kva dette handlar om.

Skal vi løyse klimakrisa og ha klimahandling no, må miljøparti sitje ved rattet i styringa av Noreg. Venstre er klare til å ta ansvar – og til å setje klima, miljø og grøn omstilling først. Dette valet handlar ikkje om at Polen og Kina må gjere jobben for oss. Det handlar om oss sjølve – om å ta leiarskap og om å ta vare på verda slik vi kjenner ho. Difor må klima og natur vere sak nr 1 i haustens stortingsval. Venstre er klare til å ta klimaansvar.