Meiningar

Skjedde det ein glipp, Erling Sande?

Rita Tonning, 2. kandidat for Raudt, og Geir Oldeide, 1. kandidat for Raudt i Sogn og Fjordane.   Foto: Pressefoto

Meiningar

Vi har registrert at Trygve Slagsvold Vedum har reist med Hurtigruta. I eit intervju med NRK på turen gjorde han det klart at Sp går for reversering av Viken fylke, og at Jonas Gahr Støre langt på veg er einig. Så ser vi at Vedum i Florø lova støtte til reversering av Kinn kommune. Dette er vi glade for.

Men kvifor vert ikkje reversering av Vestland nemnt? Vi veit at Sogn og Fjordane Sp vil reversere. Vi finn det difor vanskeleg å forstå kvifor de ikkje nytta anledninga til å få Vedum si støtte til dette når han har uttalt seg om både Viken og Kinn. Du var til stades Erling Sande. Skjedde det ein glipp?