Lesarinnlegg

– Vi må støtte bøndene!

Dei få bøndene som står att må vi ta vare på og støtte, skriv Øystein Ragnar Aasebø.   Foto: privat

Meiningar

Følgjande utdrag er henta frå artikkelen "Stortinget må ta ansvar for norsk matproduksjon" i avisa Nationen;

«Situasjonen for norsk jordbruk og matproduksjon er svært alvorlig. Inntektsgapet mellom bønder og andre lønnsmottakere er på nærmere 200.000 kroner i snitt, slik Budsjettnemnda regner i dag. Rammevilkårene er så dårlige at neste generasjon ofte ikke vil ta over. De siste 20 årene har antall aktive gårdsbruk i Norge blitt redusert med 30.000 – fra 69.000 i 2000 til i underkant av 39.000 i dag. Fortsetter vi på samme kurs vil Norge i 2050 ha i underkant av 20.000 aktive gårdsbruk og en dårligere matvareberedskap. Kvalifisert arbeidskraft vil forsvinne fra distriktene, det lille jordbruksarealet vi har i Norge vil ikke utnyttes til det fulle, og de få bøndene som er igjen står uten naboer, nærbutikk og barneskole.»

Det blir ifølge Norsk Bonde- og Småbrukarlag lagt ned to gårdsbruk for dag, og regjeringa si blatante overkøyring på førre jordbruksoppgjer syner at bondestanden ikkje blir tekne på alvor. Kva gjer dette med bonden si mentale helse?

Eg har spurt rundt, og svara eg får er; «Det er tungt», «ein opplever å ikkje bli tekne på alvor», «hadde ein ikkje hatt kvarandre, så veit ikkje eg» etterfølgt av ting som at «vi blir stadig færre». Eg spurte vidare korleis oppfølginga av dei ulike instansane opplevast, og svara der er minst like nedslåande. Ingen av dei eg har snakka med har opplevd å bli spurt om verken økonomisk situasjon eller mental helse. Vi har organisasjonar som norsk landbruksrådgivning, mattilsynet m. fleire.

Spørsmålet er kva som blir gjort? Som ein kan sjå i media vil mattilsynet først «våkne» når det er kome for langt og skada har skjedd - og samstundes ser ein at det er ein trend at bøndene framstillast som «syndebukkar» i media.

Dei få bøndene som står att må vi ta vare på og støtte! Eg meiner derfor vi i kommunen bør få på plass eit skreddarsydd nettverk for bøndene, der ein har som hovudoppgåve å drive fram eit godt samarbeid som ser og varetek bonden! Gjennom politisk oppfordring og vedtak vil eg at kommunen i samarbeid med lokale bønder og bondeorganisasjonar skal ta tak i og setje dette på dagsorden.