Fagforbundet Vestland vil ha ei ny regjering og ny politikk!

Kari Daltveit er nestleiar i Fagforbundet Vestland.  Foto: privat

Meiningar

Mykje står på spel ved stortingsvalget 13. september. Dei siste åtte åra har høgreregjeringa auka forskjellane i samfunnet og svekka det sosiale sikkerhetsnettet.

Offentlige selskap og eigedommar har blitt solgt ut. Dette er feil utvikling for Norge. Fagforbundet Vestland vil ha ei ny raudgrøn regjering som styrkjer velferdsstaten, skapar heile faste stillingar og set vanlige folk først.

Høgreregjeringa har svekka fellesskapet i samfunnet. Regjeringa har gitt store skattekutt til dei rikaste, samtidig som dei har fjerna eller svekka velferdsordningar som kjem vanlige folk til gode. Dei rikaste har blitt rikare, mens folk flest set att med mindre. Høgrepartia har dessutan gjennomført usosiale kutt, blant anna i arbeidsavklaringspengar, barnetillegg for uføre, slitarordninga, tannregulering for barn og brillestøtte til barn. Samtidig er barnehageprisane auka og pendlarfrådraget er blitt redusert. Forskjellane auka.

Derfor vil vi kjempe for at Norge får ei ny regjering, og ein by politikk.

Forskjellane i Norge auka også som følgje av at høgrepartia har nedprioritert kommunane, fordi det er kommunane som gir innbyggarane dei fleste velferdstenestene. Auka overføringar til kommunane ville gitt styrka bemanning og bedre barnehager, skoler og helse- og omsorgstjenester. Det ville også ført til at tilsette kunne fått betre arbeidsvilkår og fleire heile, faste stillingar. No er det på tide med ei regjering som styrkar velferda.

Samfunnet er sterkt preget av koronakrisa. Gjennom det siste året har dei offentlige tilsette lagt ned ein enorm innsats for å beskytta innbyggjarane og gje helsehjelp og andre velferdstjenester. Samtidig står over 200.000 nordmenn utan arbeid.

Fagforbundet Vestland meiner Norge nå må få ei regjering som set vanlige arbeidsfolk først. Vi vil ha ein politikk for sterkare fellesskap og bedre velferd. Dei geografiske forskjellane må reduserast og heile folket må i arbeid. Det må føres ein rettferdig klimapolitikk som bidreg til å skape framtidas arbeidsplassar. Privatiseringa av velferdsstaten må stoppast, og folk må få heile, faste stillingar.

Derfor vil Fagforbundet Vestland kjempe for at Norge får ei rødgrønn regjering etter årets stortingsvalg.