Meiningar

Samarbeid eller "klare sjøl"

Alfred Bjørlo, ordførar i Stad, reagerer her på leiarartikkel i Fjordabladet.  Foto: Anna Wuttudal

Meiningar

Fjordabladet er på leiarplass kritisk til at Stad kommune skal nytte ressursar på å samarbeide med andre kommunar og næringslivet i Nordfjord om rekruttering, og heller satse på å «klare sjøl».

At alle skal sitje på kvar si tue og arbeide med rekruttering åleine - det trur eg er ein farleg strategi for både Stad og Nordfjord på sikt. Det er viktigare enn nokon gong at Nordfjord står samla. Ikkje minst for å syne born og unge som veks opp i Nordfjord alle moglegheitene som finst på tvers av kommunegrenser.

For nokre år sidan valde Stad kommune å takke ja til ein invitasjon om å bli med på samarbeid i Nordfjord om å rekruttere lærlingar: Nordfjord Opplæringskontor. Det har vore ein dundrande suksess. Stad kommune har gjennom dette samarbeidet tatt inn og følgd opp mange fleire lærlingar enn vi nokonsinne hadde sjanse til då vi skulle «klare sjøl». Samtidig blir no yrkeslivet i Nordfjord samla marknadsført og presentert for ungdom frå ytst til inst i fjorden.

Ved å stå samla, har vi det siste året også klart å få til nye, yrkesretta opplæringstilbod for vaksne som står utanfor arbeidslivet på alle dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord – i nært samarbeid med NAV på tvers av kommunegrenser. Og eit samla Nordfjord har ved å stå skulder ved skulder og nytte felles ressursar fått gjennomslag for store, nødvendige samferdsleprosjekt for å utvikle regionen vår, slik som Stad Skipstunnel og Rv15 Strynefjellet.

Det er desse gode røynslene vi byggjer på når eit samla Formannskap går inn for å ta samarbeidet om rekruttering endå eit steg lenger. Vi vil no samarbeide i Nordfjord om å gje born og unge som veks opp kunnskap om yrkesval heilt frå barneskule til vidaregåande skule, for å gjere alle born og unge medvitne på valmoglegheitene dei har vidare i livet med utgangspunkt i yrkeslivet i heile Nordfjord. Og samtidig følgje opp vidare og halde kontakten med dei som flyttar ut for å ta høgare utdanning ein annan stad – i eit Nordfjord-samarbeid.

Tilbakemeldingane eg har fått frå ungdom på dette er utelukkande positive: Alle ser at vi samarbeider for lite på tvers av grensene i Nordfjord, ikkje for mykje. Vi klarer rett og slett meir viss vi står samla om å fortelje utad om den fantastiske regionen vår. Det aukar sjansane for å få folk til å flytte hit viss vi saman fortel om alle valmoglegheitene, jobbane og moglegheitane for å bu og leve gode liv som finst i Nordfjord gjennom «Nordfjordakademiet» – og samlar kreftene for å gjere det i felleskap.

Etter korona-epidemien veit vi at fleire enn før drøymer om det gode livet utanfor dei største byane. Vi veit at digitaliseringa av arbeidslivet har skote fart, og at haldningane til mange arbeidgjevarar har endra seg når det gjeld å la folk få arbeide desentralisert. Dette er «tidenes sjanse» for ein region som Nordfjord. Er det nokon gong vi skal nytte ressursar og krefter på å stå saman om å syne fram Nordfjord, er det no. Det er eg glad for at eit samla Formannskap i Stad går inn for.

Alfred Bjørlo

Ordførar i Stad