Meiningar

Eid Sportsfiskarlag: - Det nye styret var forplikta til å ta tak i påstandar

Det nye styret i Eid Sportsfiskarlag kjem no med svar til medlemmer som er suspenderte.  Foto: ill.foto: Anna Wuttudal

Meiningar

Tilsvar frå det nye styret i Eid Sportsfiskelag til artikkelen i Fjordabladet 04.06.2021 om “Fullstendig kaos i Eid sportsfiskarlag” og at enkeltmedlemmar kjenner seg uthengde.

Det nye styret vil på eit generelt grunnlag kommentere noko av det som kjem fram i artikkelen.

Styret kan sjølvsagt ikkje kommentere i pressa bakgrunnen for kvifor enkeltmedlemmar vart suspenderte i etterkant av årsmøtet. Dette er interne saker som må behandlast av det nye styret.

Det nye styret var forplikta til å ta tak i påstandar som kom fram i eit mistillitsforslag frå ei stor gruppe av medlemmane på årsmøtet 2021. Mistillitsforslaget vart vedteke av eit stort fleirtal av årsmøtedeltakarane.

Påstandane i mistillitsforslaget var så omfattande og grove at det nye styret såg det nødvendig å suspendere dei involverte. Ut frå lovene til sportsfiskelaget kan medlemmar som gjer seg skuldige i brot på lover eller forskrifter eller på annan måte skadar formålet til laget, suspenderast av styret for eit avgrensa tidsrom.

Dei suspenderte har hatt ulike verv i laget og dermed påteke seg eit ansvar for å arbeide til det beste for laget og utføre dei pliktene lovene fastset. I perioden medlemmane har vore suspenderte, har styret undersøkt saka og fått fram alle opplysningar som har vore relevante. Etter ei grundig vurdering, har styret vedteke å oppheve suspensjonane for tre av medlemmane.

Det kjem fram fleire grove og sterke ubegrunna påstandar i artikkelen som styret ikkje kjenner seg igjen i. Det nye styret har halde seg til saka og lovene til laget på ein mest mogleg ryddig måte.

Det nye styret har gjort eit grundig arbeid for å kome fram til ei rett avgjerd for kvar enkelt av dei suspenderte.

No oppfordrar det nye styret medlemmane og dei involverte til å skape ro rundt saka. Styret håpar og at vi i framtida kan ha ei sakleg meiningsutveksling og unngå personangrep og andre lite konstruktive ytringar som svekkjer omdømmet til Eid Sportsfiskelag.

Det er synd om slike saker skal ta frå oss gleda med det vi mest av alt likar å bruke tida vår på i sommarhalvåret.

Vi oppfordrar alle som brukar tida si i denne fantastiske elva til å samarbeide og tilrettelegge for at både bygdefolk og tilreisande får gode opplevingar når dei fiskar i Eidselva.