Meiningar

KrF: Born og eldre må prioriterast

Trude Brosvik, William Dalsbø og Tore Storehaug.  Foto: pressefoto

Meiningar

Det er 3 månader til valet. Noreg er eit godt samfunn men vi må gjere meir for å løfte trygge oppvekstvilkår for born og utvikle eit velferdssamfunn som gir tryggleik for alle og tar kampen mot at mennesker fell utanfor. Med eit sterkare KrF på stortinget til hausten får vi meir tyngde for å kunne prioritere born og eldre høgare.

KrF vil styrke familiane

KrF vil fortsette auken av barnetrygda og fritidskortet. Vi vil vidareføre kontantstøtta, og ein familie skal ikkje betale meir enn kr 7000 samla pr månad for SFO og barnehage. Foreldrepermisjonen må bli meir fleksibel, med 10 veker til forbeholdt kvar forelder og utvidast med 4 veker.

KrF stiller opp for eldre og pårørande

«Eldre» er ein ressurs for samfunnet! Det er stort spenn i gruppa, både sosialt og helsemessig. Einsemd hos eldre er utbreidd, og KrF vil gjennom å styrke frivillig arbeid, skape møteplassar og tilby kulturelle opplevingar, arbeide for å motverke det. KrF sikre tilskot til Frivillig-sentralane.

Når trongen for hjelp, pleie og omsorg melder seg, skal ein vere trygg på å få den hjelpa ein treng. Pårørande skal få «avlasting på resept» og høve til 10 dagar i året til fri for å ta seg av sjuke familiemedlemmer. Vi foreslår også ei økonomisk støtte til nære pårørande for at dei skal få tid til å klare «dobbeltarbeidet» med både jobb og pårørande-ansvar.

KrF kjempar for livskraftige distrikt

KrF vil på alle område føre ein aktiv distriktspolitikk som gjer det mogeleg å bu, arbeide, drive aktivt næringsliv og som sikrar eit godt offentlege tenestetilbod i heile landet. Landbruket, med lokal produksjon av rein mat og som med kulturlandskapet legg tilrette for andre viktige næringar som reiseliv, er i ei særstilling for å nå måla om busetting i heile landet.

KrF vil vil kjempe for dei kristne verdiane

Grunnverdiane våre bygger på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. Trusfridommen er under press. Du skal vera trygg på at KrF vil kjempa for eit livsynsope samfunn med rom for ulik tru, ytringar og haldningar. KrF vil stå opp for frivillig arbeid og for trussamfunna.

Helsing oss tre som står fremst på KrF-lista i Sogn og Fjordane