Meiningar

Kyrkjegardane: - No er slåtten i full gang

Det kom reaksjonar frå Fjordabladet sine lesarar då kyrkjegarden på Totland ikkje var stelt til 17. mai. No svarar kyrkjeverjen.  Foto: Privat

Meiningar

Kommentar til sakene i Fjordabladet om kyrkjegardane:

Det er godt at folk har omtanke for kyrkjene og kyrkjegardane våre. Vi gjer vårt ytterste for at både kyrkjer og kyrkjegardar skal vere godt stelte. Graset skaut fart dagane før 17.mai, og med tre fridagar rett føre, gjev dette utfordringar. Bemanningssituasjonen i veka før 17.mai gjorde at gravferder sjølvsagt måtte prioriterast. Etter synfaring var heller ikkje graset på kyrkjegardane kritisk høgt. Takk til dei tilsette som har stått på og gjort ein god jobb! Takk og til sokneråd og friviljuge som har hatt dugnad på kyrkjegardane, det gleder!

No er slåtten i full gang, og etter kvart kjem ferievikarar på plass. Vi har full kontroll på situasjonen og går sommaren lyst i møte.

Nyttar og høvet til å takke tilsette i Fjordabladet for god hjelp med filming og opplasting av våre digitale gudstenester både i påska og 17. mai. Dette set vi stor pris på, og blomehelsing kjem!