Meiningar

Fridtjov Urdal: - Gjer Stad Skipstunnel til verdas største kunstprosjekt

Fridtjov Urdal foreslår at ein må smykke ut Stad Skipstunnel.  Foto: Ill. Snøhetta

Meiningar

Til våre Verk og våre vesen .Nytt høve !

Gjer Stad Skipstunnel til verdas største kunstprosjekt.

Sidan no Maginot lina ( Stad skipstunnel)fyrst skal byggjast er det ingen grunn for å ikkje gjera det med stil.

Fyrste fullskala ( finst det halv skala?) skipstunnel 1700 m lang 36 m brei og 50m frå botnen til topp med fjellflytting på 3 mil m3 ,til ein kostnad av 3 milliard. Dette verkar svært rimeleg i høve kostnaden med nokre få km gang og sykkelveg langs til dømes E39., men slikt har eg heldigvis ikkje greie på.

Men same kva ein måtte meine. Skipstunnelen ser ut til å kunne verte bygd. Når så fyrst gale skal vær må det verta gjort så godt og skrytande som råd er.

Det har vore nemnt at dette kan verta turistmål. Det vert det og i den mun om far-doningen deira tek tunnelen .

I følje dei utlagde drømmebileta ser det ikkje ut til å vera smått med utsyn og anna å sjå på . Det likna ein sjukehusgong frå 1960 talet. Tunnelen ser ut til å ha det sams med dei fleste andre tunellar. Dei har lukkast betre til gjennomreise enn som reisemål.

Nett det er noko ein kan og bør gjera noko med.

Ein tunnel i verdsklasse bør vekkja merksemd i vidare krinsar enn hjå ingeniørar, spreng arar og sementblandarar.

Her har våre verk og vesen (dei som har noko med det) eit umissande høve til å vekkja merksemd, verda over. Stad skipstunnel bør og kan verta eit av verdas største utsmykkingsoppdrag.

Om ein tek det ovan m2 som på flo er over vassyta er det på godt over 163.000 m2. Om ein og tek med eit belte frå høgste til lægste vasstand. ( Det tykkjer eg er rimeleg) vil det auka utsmykkingsflata med 6.800 m2. Samla tilsvarar dette helvta av Frognerparken.

Dette vil i storleik vere å likne med stasjonane i Moskva metro og gjera St Peters kyrkja til mest som eit kapell å rekne.

Eg skal halda meg ifrå å komma inn på kva utsmykking som kan vere på tale. Det lyt verta opp til ei fagkunnig demd.

Her er det alt å vinne på å gå på øvste hylla både nasjonalt og internasjonalt. Det bør lysast ut ei internasjonal tevling om dette oppdraget. Slike prosessar skaper interesse over den vide verd og det hjå folk som er både reisande og betalande. Å sist men ikkje minst, det er ei gåve og ære til dei som fer der i sit daglege yrkje.

Om ein er heldig kan det verta ein merkestein i kunstsoga. Eller ein storslegen fiasko, båe deler gjer folk forvitne. Det siste kan hende meir enn det fyrste. Brukar ein nokre titals helst hundretals millionar er det ei kulturinvitsering for hundre og tusenår.