Meiningar

Ja til matproduksjon i heile landet

Sp-kandidatane Aleksander Øren Heen, Emma Berge Ness og Erling Sande.  Foto: Pressefoto

Meiningar

Vi kjenner alle ein bonde. Ein som står opp kvar morgon for å sjå til at dyra er friske og mette. Ein som jobbar seint og tidleg anten det er våronn, slått eller lamming.

Norske bønder står på kvar dag for at vi skal ha trygg og kortreist mat på bordet. Matproduksjonen er i verdsklasse. Norsk mat blir produsert med høg dyrevelferd og lågare antibiotikabruk enn dei fleste andre land i verda. I tillegg bidreg matprodusentane til tusenvis av arbeidsplassar i næringsmiddelindustri, handel og for dei som leverer varer og tenester til landbruket. Landbruket vårt gjer at vi har levande bygder og eit ope kulturlandskap.

Det er mykje verdt. Det fortener anstendig betaling. Likevel står løna i landbruket på staden kvil, medan både utgifter og krav stadig aukar. Bonde er ikkje eit yrkesval kor løna er eit argument for, men snarare eit argument mot.

I Sogn og Fjordane er jordbruk ei stor næring, sjølv om her for det meste er små gardar, bratte bøar og vanskeleg vêr. På grunn av lidenskapen for dyr, matproduksjon og ressursutnytting. På grunn av tilknyting til garden og jorda ein bur på, som gjerne har vore heldt i hevd av familien gjennom fleire generasjonar. På trass av inntekta. Det er eit sjansespel vi ikkje kan halde fram med.

Pandemien har vore ei påminning om kor viktig det er at vi produserer mat i Noreg. Då grensene blei stengde og butikkhyllene tomme, var mange for første gong på lenge usikre på om vi hadde nok mat. Medan dei fleste blei sendt på heimekontor, gjekk matproduksjonen sin vante gong. Heile vegen frå fjøset til butikkhylla. Det gjekk bra denne gongen. Det er ingen grunn til å tru at det vert mindre viktig at vi utnyttar ressursane våre til å produsere mat i tida framover.

Senterpartiet er på lag med den norske bonden. Ei yrkesgruppe som fortener forutsigbarheit og ei løn som er jobben dei gjer verdig. Vi kan ikkje forvente at dei som vier livet sitt til å produsere maten vår skal arbeide på dugnad. Dersom vi vil ha trygg, norsk mat i framtida, må vi gje bøndene det økonomiske løftet dei fortener!