Meiningar

Eitt syn om Ervikskorane

Meiningar

Ope brev til politikarane i Utval for areal og eigedom og administrasjonen i Stad kommune.

Vi les Fjordabladet fredag 14. mai om møte i Utval for areal og eigedom (UAE) i Stad kommune, der saka om sjøarealplanen for kommuna vart handsama. Utvalet skulle kome med råd til administrasjonen om kva område som skal vere med vidare til andre gongs utlegging av planen.

Dei aller første områda som det kom brei og kraftig motstand mot av alle dei områda som no ligg inne i første utlegging av planen, var Ervikskorane og Haus. Og det i god tid før arbeid med planprogram for ny sjøarealplan var komen i gang i kommuna. Dette hadde sin bakgrunn i søknaden om lokalitet på Ervikskorane som kom inn til fylkeskommuna i februar 2020, og som gjorde lokalmiljøet merksam på at desse akvakulturområda låg inne i den eksisterande arealplanen. Sidan det har lokalbefolkninga bygd opp kunnskap om lovverk, planverk, næring og fagmyndigheiter slik at ein på ein ryddig og kunnskapsrik måte kunne få til å fjerne desse areala som akvakulturområde frå den gang arealplanen i Eid kommune, og no frå sjøarealplanen for nye Stad kommune. Timar, dagar og veker med arbeid i saka har gått med for å gjere dette skikkeleg. Arbeid som innbyggjarane i nærmiljøet gjer med vissheit om at politikk ikkje berre dreier seg om å la politikarar ta alle avgjerslene åleine, men at ein sjølv som innbyggjar kan påverke og delta slik at dei beste vedtaka vert gjort. Og sjølvsagt veit lokalbefolkninga godt at når eit slikt areal først ligg inne i planverket, og i tillegg er omsøkt lokalitet på, ja så er det ikkje «berre berre» å få det ut att av planverket. Alt dette har ein greidd ut om i omfattande innspel til utval for areal og eigedom først i mars 2020, og så har ein òg spelt inn i første runde på planprogram for ny sjøarealplan at dette området ikkje er ønska i det heile frå eit samla nærmiljø i Ervik, med full støtte frå omkringliggjande bygder.

Når vi så får lese korleis og kvifor utvalet deler seg så blir ein ganske matt med tanke på alt arbeidet med innspel som vi har skildra over.

Nokre parti og representantar (Venstre og delvis Senterpartiet er nemnt) rådar administrasjonen om å ta ut arealet frå planen. Dei syner til situasjonen med lakselus, stort engasjement i saka med lokal motstand, uro for Kjølsdalselva (og villaksen der) samt forringing av brukskvaliteten for området av skulen. Desse argumenta er blant dei mange fråsegna mot lokaliteten som lokalmiljø, fagmyndigheiter og konsekvensutgreiinga utarbeidd ved Nordplan har peikt på i prosessen. Altså har desse representantane lest seg opp, gjort vurdering ut i frå det og lytta. For så å gi råd. Så er det representantar frå Høgre, FrP og delvis Senterpartiet som kjem med andre argument som at arealet «ikkje ligg midt i glaninga til folk», at lokaliteten «ligg utanfor tunnelen, og at det vel ikkje er så mykje bruk av området på utsida til friluftsliv sidan der er så rasfarleg» og at ein kan

«justere området litt, forme det litt annleis, så det berre ligg utanfor tunnelen». Det er særskilt representanten Hogne Bleie frå FrP det er referert til, men at Gunn Sande frå SP og Geir Årvik frå Høgre «var litt meir på linje med Bleie».

Desse argumenta som då vert brukt for å halde arealet inne i planen verkar å ha blitt teke ut i frå lause lufta i løpet av nokre få sekund/minutt med taletid på dette møtet. For av ein eller annen grunn så er desse argumenta, som vi ikkje kan sjå og ha lest andre plassar sålangt i planarbeidet, såpass viktige for i alle fall desse tre representantane at dette visstnok bør trumfe alt det som lokalbefolkninga har prøvd å få fram sidan mars i fjor. Det er så ugreitt at det knapt kan setjast ord på. Er det verkeleg slik avgjerslene vert gjort og råda gitt vidare i frå dei ulike utvala i kommuna? Så letthendt og lemfeldig? Vi bed dykk tenkje over kvifor ein så bredt som mogleg let innbyggjarane, lag og organisasjonar om å bidra i høyringar, om det på så lettfatteleg vis vert sparka foten under av representantar som skal handsame sakene.

Lokalbefolkninga prøvde i fjor å få utvalet for areal og eigedom, eller eventuelt gruppeleiarane i partia ut på synfaring i Ervik. Det vart det ikkje noko av. Det vart då påpeika, av same representant som i dette møtet peikar på dei lokale tilhøva som om kjennskapen var av lokal art, at synfaring er noko som kommuna skal stelle i stand. Altså vart det inga synfaring, og då kan i alle fall ikkje utvalsrepresentantar sitje i møte og gi råd til administrasjon som om dei har vore på synfaring og sett og høyrt korleis forholda faktisk er. Dersom utvalet er delt her, då bør dei som skal be politikarane om det, krevje at utvalet tek ein synfaring. Eller så kan dei lese gjennom og stole på alle dei innspela som alt er sendt inn slik vi vart bedne om.

Om råda frå representantane frå FrP, Høgre og delvis SP vert sendt vidare, så er no uansett ikkje dei råda til fordel for dei som ønskjer å drive akvakultur der. Næringa har påpeikt at dei ønskjer større areal enn dei som låg inne i plana, og i forhold til luseproblematikken så burde areala liggje lengre unna næraste andre lokalitet (rett på andre sida av fjorden). Og sidan FrP-representanten meiner det er så rasfarleg på utsida av tunnelen, tykkjer han det er greitt at arbeidsplassar på eit kostbart oppdrettsanlegg skal etablere seg i denne rasfarlege sona? Når det gjeld bakgrunnen for gangveg gjennom tunnelen var det først og fremst kostnad og vedlikehald av gamlevegen på utsida som gjorde at det vart gangveg i tunnelen. Med gangveg i tunnelen slapp kommuna å vedlikehalde gamlevegen, og fekk såleis evt. kostnad for dette over på staten.

Nei, det er eigentleg ikkje «delt om Ervikskorane». Det er kun ein meining om denne lokaliteten, bortsett frå dei som har ein interesse i næringa, og det er:

Ervikskorane og Haus må ut av sjøarealplanen!

Innbyggjarar i Ervik og Haus,

Inge Mykland og Jorunn Breiteig

Isabel Mykland

Margun og Roald Ervik

Ingeborg og Ragnar Rørvik

Elin og Bern Nes

Lina Lien Bruland og Torbjørn Ruud

Karen-Merete Bruland

Bjørg Erviksæter og Ragnar Vedvik

Thomas og Heidi Erviksæter Hals

Ann-Christin Strømsrud og Øystein Nes

Eldar Lien

Anne Karin Bjørkelo

Marta og Odd Einar Elvebakke

Ole Morten Erviksæter

Svein og Åse Lågeide

Oddrun og Reidar Erviksæter

Anne Karin og Leif Gillesdal