Meiningar

- Angrepet og skuldingane har ikkje rot i røyndomen

REAGERER: Leiar i Stad Senterparti, Ståle Sandal.   Foto: Anna Wuttudal

Meiningar

Svar til Dag Austring:

Vi i Senterpartiet er glade for at politiske saker og vedtak skapar engasjement i folket, dette gjer arbeidet som lokalpolitikarar meir givande og styrkjer innsikta vi har i saker vi handsamar.

Vi set pris på innspel i prosessane, og aksepterar sjølvsagt at ikkje alle vedtak vert teke i mot med hyllest frå samtlege innbyggjarar i Stad kommune.

Det er som regel to sider i ei sak, og vi må til sjuande og sist falle ned på eit vedtak, og diverre vil dette i nokre saker skuffe våre veljarar som gjerne skulle sett andre utfall av sakene.

Då skal vi akseptere at det fører til kritikk, og vi skal gjere det vi kan for å sikre at innbyggjarane forstår kva grunnlag Senterpartiet hadde for å lande på vår stemmegiving.

Stad Senterparti ser det likefullt naudsynt å korrigere det inntrykket Dag Austring har, eller prøver å framstille i sitt innlegg.

Når det gjeld innhaldet i sjølve saka i formannskapet som Dag Austring referer til, har vi utfordringar med å sjå kva vi som parti skulle gjort betre i høve denne saka.

Vi veit ikkje om det er ein samanheng, men alle kommunestyrerepresentantane har også mottatt eit brev frå Selje Næringsforening som tyder på at vedtaket i formannskapet kanskje er misforstått.

Det er ikkje rett at Formannskapet har lagt Lestovika-prosjektet til side. Tvert i mot vedtok Formannskapet følgjande knytt til dette området:

«Fleirbrukskai og næringsareal Moldefjorden: Formannskapet ber om at administrasjonen startar ein forstudie som vurderer moglegheitane (planmessig og økonomisk) for etablering av ei fleirbrukskai og næringsareal i Moldefjorden, fortrinnsvis områda Lesto/Hatlenes. Kommunen ynskjer eit samarbeid med lokale private aktørar i gjennomføringa av dette forprosjektet».

Kommunestyret har fått kopi av ein e-post ordførar Alfred Bjørlo har skrive til Selje Næringsforening som presiserer dette.

Senterpartiet vonar at dei som ynskjer å ta del i utviklinga av moglegheitene i Lestovika gjer dette på ein konstruktiv måte, for vi har aldri lagt skjul på at vi ynskjer utvikle dette området i høve sjarkflåten i området.

Stad Senterparti tek avstand frå påstandane Dag Austring kjem med. Senterpartiet har jobba for Lestovika i Stad kommune og løfta det fram ved fleire høve. Og alle røystene i Senterpartiet, inkludert Paul Jacob Helgesen, har stått samla bak dette:

I forhandlingar mellom Senterpartiet, Frp, Krf og SV kom vi fram til eit heilskapleg budsjett for 2021 og planperioden 2022-2024, der eit av punkta innebar å framskunde midlar innanfor hamner og øyremerke det Lestovika:

«Kommunestyret aukar investeringar med hamner frå 1 til 2 millionar i 2021, for å gi ei tilfredsstillande løysing for fiskerihamn for sjarkflåten i Lestovika.»

Vårt forslag innebar også ein heil del andre viktige punkt som innebar å redusere kutta i skule og helse. Forslaget fekk 16 stemmer og falt. Men gjennom forhandlingar med Høgre, Venstre og Arbeiderpartiet fekk vi gjennomslag for mange saker. Blant eit punkt Lestovika, slik at heile kommunestyret utan dei to stemmene frå SV vedtok følgjande punkt:

«Kommunestyret legg til grunn at auka ramme til hamneinvestering i 2021 skal gå til å gi ei tilfredsstillande løysing for fiskerihamn for sjarkflåten i Lestovika.»

Vi er i mindretal i kommunestyret, men har likevel klart å bidra til å halde Lestovika «levande», fordi vi meiner det er det beste alternativet. Om vi hadde fått viljen vår ville vi konkretisert utviklinga i Lestovika endå tydlegare allereie heilt i starten av kommunestyreperioden. Utklipp frå møteprotokoll syner dette. I formannskapet 28.11.2019 vart saka om planstrategi handsama. Her fremja Paul Jacob Helgesen på vegne av Senterpartiet:

«Reguleringsplan Fiskerikai Lestovika, oppstart 2020»

Forslaget fekk fire røyster og fall. Dette finn ein ikkje berre i protokollane, men det var omtalt i Fjordenes Tidende 11. desember 2019. I artikkelen står det blant anna at «Helgesen meiner Lestovika har naturlege eigenskapar som ei god hamn frå naturen si side» og at «Fiskarane har gjennom fiskarlaget vore tydelege tidlegare på kva behov dei har, og kvar dei ynskjer ein arbeider vidare». Helgesen uttalte i dette oppslaget også at han meinte «Stad kommune må jobbe opp mot Vestland Fylkeskommune om tilskotsmidlar for etablering av fiskerihamn».

Sjølv om vi ikkje fekk fleirtal for dette, førte engasjementet til Senterpartiet heldigvis til at det vart framdrift i diskusjonane om Lestovika. Venstre kom med verbalframlegg i budsjettsaka som sa at «Det skal leggast fram ei eiga sak i løpet av fyrste halvår 2020 om moglegheitene for etablering av fiskerikai i Selje sør» . Senterpartiet ved Paul Jacob Helgesen fremja følgjande punkt i kommunestyret den 13. desember 2019:

«Det skal leggast fram ei eiga sak i løpet av fyrste halvår 2020 om moglegheitene for etablering av fiskerikai i Selje sør med Lestovika som 1ste prioritet for utredning.»

Dette forslaget fekk 13 stemmer i kommunestyret og falt. Senterpartiet gav seg ikkje og jobba vidare i dette møtet opp mot fleirtalet med bakgrunn i vårt program for å spesifisere Lestovika. Vi oppnådde at det endelege vedtaket i saka fekk med dette tillegget:

«I denne saka skal også ei lokalisering i Lestovika vurderast».

Dette var eit viktig grunnlag for at vi fekk fleirtal for vedtaket om auka investeringsramme for hamner med presisering Lestovika eit år seinare, og for at Lestovika no er med blant dei prioriterte områda for tunellmasser i Moldefjorden.

Angrepet på Paul Jacob Helgesen som Dag Austring no kjem med, og skuldingane mot Senterpartiet for å ikkje jobbe for Lestovika som Dag Austring kom med i april har altså ikkje rot i røyndomen. Vi er eit samla lokallag som jobbar for saker vi har i vårt program, og Lestovika føler vi er tydeleg forankra i vårt partiprogram. Paul Jacob Helgesen har vore ryddig i heile prosessen, og bedt både oss i gruppemøta og på politisk plan om vurdering av habilitet. Difor råkar denne kritikken oss, fordi vi ikkje ser betre og tydelegare løysningar enn dei vi som parti har staka ut. Vi kjem til å jobbe vidare, og håpar innspela frå alle som ynskjer utvikling i Lestovika kjem til oss som parti, slik at vi er sikre på at vedtaka vi skal gjere har fått inn alle innspel som trengst for å fatte dei riktige vedtaka både i denne, og komande saker som skal utvikle Stad kommune vidare.

Heilt til slutt ynskjer vi å gjenta at det sjølvsagt er lov å vere misfornøgd med vedtak som vert gjort. Like fullt føler vi at det som her kjem frå Austring må besvarast, fordi vi føler det vert eit personangrep, samstundes som vi ikkje heilt ser grunnlaget for kritikken. Vi tenkjer at med det siste vedtaket i formannskapet bør han kanskje ikkje kritisere i det heile, men heller bruke kruttet til å utnytte det handlingsrommet som er for realisering av planar i Lestovika?

Nedanfor er linkar til protokollane som vedtaka ovanfor er henta frå:

Link til protokoll desember 2019: https://innsyn.onacos.no/stad/wfdocument.ashx?journalpostid=2019002867&dokid=1330