Meiningar

Verdien av ei grunnlov

Amalie Fure frå Selje har her gjort seg nokre tankar om verdien av ei grunnlov.  Foto: Privat

Meiningar

207 år har gått sida 112 menn satt stua saman på benkane på Eidsvoll, og det var heldigvis utan kravet om å ha 1 meters avstand. I 207 år har Noreg vore eit fritt land. Grunnlova består av viktige prinsipp som i mine auge er ei viktig drivkraft for eit demokrati, eit fritt land og gode verdier. I dag er dagen for å ete is og kake til ein spyr, heise flagg og feire denne lova. Ei lov som er ein viktig grunnmur, fordi den har prinsipp som er vesentlig for eit reisverk vi treng i eit demokrati

I forbindelse med 17.mai er ofte fokuset på alt ein er stolt av, og gode verdier. Det kjem eg tilbake til, men eg vil og setje fokus på noko av det som må tas tak i.

Å ytre seg utan å frykte å bli slått ned, det har dei fleste av oss hatt muligheten til heile livet. Det er noko vi aldri kan ta for gitt. Sjølv her i landet har folk frykta for eige liv fordi dei sei det dei meinar. Det skjer heldigvis sjeldan, men til og med i dag er det folk som blir slått for å seie meininga si. Tenk på det du.

I store delar av verda er problemet enda større. Her meinar eg at vi alle har eit ansvar. Vi må vise vårt eige folk og andre land verdien av ytringsfridom, og korleis den skal brukast. Det gjer vi ikkje ved å fylle kommentarfelt på Facebook, Twitter, Instagram og TikTok med hat.

«Trur du har godt av å ta ein push-up eller to. Please», «Orkakje å sjå på folk som dansa so gay», «Visste ikkje at folk som er gay kunne ha TikTok.» «Fjern deg frå Insta, din jævla hore.», «Visste ikkje at det var mulig å vere so langt ifrå sommarkroppen». Regna med du tar poenget. Poenget er at sosiale medier er stappfulle av ytringer som dette. Trur at dei som skriv desse kommentarane hadde tenkt to gangar der dei sitter og kosa seg med tastaturet, om dei hadde tenkt på kva ein slik kommentar kan ende med. Spesielt unge utsettast for hatefulle kommentarfelt, og det kan dra mange veldig langt ned. Lenger ned ein mange klarer... Legg ein ut noke på TikTok eller Instagram og dette er det kommentarfeltet består av, so trur eg ikkje ein føler so mykje på den fridomen til å ytre seg lenger.

Det finst forresten ein statistikk over dei som blir dratt lenger ned enn dei klarer. Om du har skrevet eller har tenkt på å skrive hat på nett syns eg du kan ta ein titt på den. Tenk på han som dansa so gay på TikTok eller den hora som burde fjerne seg frå Instagram, og spør deg

sjølv om du verkeleg vil at dei blir ein del av den statistikken, fordi dei nyttar fridomen til å ytre seg. Sjølvmordstatistikken.

«Husk å ta med alle på leiken, folkens! Alle må få vere med.» Vi er 4-5 år og får stadig høyre det av dei som jobbar i barnehagen, i verdas beste land. Interessant at det vi lærar frå 4-5 årsalderen fortsatt ikkje går inn hos dei som er 40-50. Trur politikarar hadde hatt godt av å få ein barnehagetilsett inn på kontoret til tider, for å minne dei på å ta med alle på leiken.

Leiken eg tenker på er hakket meir alvorleg enn den i barnehagen, der dei tilsette ber oss ta med alle i sandkassa. Det er den leiken som handlar om å bli ein del av Norge og vårt samfunn. Det skal vise seg å vere ganske hardt for nokon. Til tross for å ha budd i landet i 13 år. Mustafa Hasan kom frå Jordan som 5-åring med familien og fekk opphaldsløyve. I 13 år har Mustafa vore ein del av Norge og 17. mai. I 13 år har Mustafa Hasan vore ein del av oss. Eg er ingen advokat, men eg ser verkeleg ikkje logikken i at han og andre skal straffast for noko som nokon andre har gjort for mange år sida. Mustafa har gått nettet rundt, og det med god grunn. Det kan vel ikkje vere dette dei meinte, den dagen på Eidsvoll i 1814.

Når eg ser korleis dei amerikanske fengsla helde på, so blir eg veldig stolt av at målet med å vere innafor murene her i landet er å kome ut i samfunnet som ein betre person, og ikkje verre. Å bli piska og slått er ikkje måten ein lærer på i mine auge. Dette er heldigvis ikkje måtar ein straffar på her i landet. Trur likevel at menneske som har vore ein del av oss i 13 år føler seg ganske piska når ein blir sendt ut fordi mora løy om identiteten sin.

Korleis tek vi vare på menneske ved å sende dei tilbake til eit land dei ikkje kjenner etter 13 år? Etter 13 med det som blir sett på som eit av «verdas beste land» å bu i.

At det har blitt kjempa for at landet og folket skal vere so fritt som det er, det gjer meg veldig stolt. Vi har kjempa fram ein velferdsstat, eit medlem i FNs Tryggingsråd og gode norske verdiar. Verdiar som er grunnleggjande og viktig i eit demokrati. Verdiar som at alle har rett på ein forsvarar, uansett om det er to naboar som er ueinige eller om ein har drepe 77 uskyldige menneske. Vil påstå at vi har ein veg å gå når det gjelde både likestilling, rettssikkerheit, tillit og religionsfriheit, sida det ikkje alltid går rette vegen. Vi kan likevel vise andre land korleis verdiane i eit land bør vere, og det gjer meg veldig stolt og takknemleg. Spesielt når eg går og veivar med flagget i 17. mai-toget, og tenker på kampane som har blitt

kjempa for eit fritt Norge. Tenker på kampane som har blitt kjempa der dører har blitt slått igjen og blitt sperra for, slik at vi kan få ha dei opne.

Kjenner det er stas å vere ein del av eit sånt folk, som ser kor mykje urettferdigheit ein stat kan skape, og derfor går ilag og skapar støtte og kjærleik som veger mange tonn meir.

Langrenn og Kvikk Lunsj er topp det, men det er langt ifrå kva som gjer Norge til «verdas beste land» å bu i. Det er alle desse opne dørene, folket backer dei som treng det og opnar auga til politikarar. Trur likevel eit par av dei kunne trengt ein barnehagetilsett på kontoret til tider, for å forklare ordet «inkludering». På høg tid at politikarane ser kva vektskål som veg mest og brukar dei norske verdiane til å ta vare på folket.

Ord kan vere ganske store og ha mykje makt, men dei blir likevel verdilause når handlingane viser det motsette. Eg vil kjempe for at vi kan gjer gode verdiar i form av ord om til gode verdiar i form av handling.