Innlegg

– Eg kjem i alle fall til å halde på dialekta mi, som viser at eg kjem frå Nordfjordeid

Noreg er eit land med stort dialektmangfald, og det er etter mi meining noko av det mest fantastiske vi har å by på i landet vårt, skriv Ådne Reidar Nes Kleppe, påtroppande nestleiar for Norsk Målungdom.  Foto: pressefoto

Meiningar

Svar til Sanna Sarromaa; dialekter er djevelens verk. Publisert i VG 6. mai.


Eg kjem frå Nordfjordeid, og er stolt over dialekta mi. Eg kjem ikkje til å legge om berre fordi Sanna Sarromaa får hovudpine, og ser på meg som ein idiot. Alle har ei dialekt. Noreg er eit land med stort dialektmangfald, og det er etter mi meining noko av det mest fantastiske vi har å by på i landet vårt.

Om alle skulle knote og gjere om på dialekta si, då ville nettopp særprega av dialektene våre forsvinne. Noko av det første eg tenkjer over når eg pratar med nye menneske er; «kvar kjem denne personen frå?». Det er jammen ikkje alltid eg klarer å forstå kva som vert sagt når eg møter personar frå andre stadar i vårt ganske land, men då spør eg kva orda betyr. Eg prøvar å kome talaren konstruktivt, og positivt i møte, med ei undersøkande haldning, der eg viser interesse for personen og deira identitet, samstundes som at eg ved neste høve kan hugse på kva nettopp dette dialektale uttrykket betyr. Språket vårt har så mykje å seie for kven vi er, og korleis vi framstår i møtet med andre menneske.

At Sarromaa si haldning til dialekter, og då særskild særprega dialekter, er nedlatande og arrogant, kjem tydeleg fram i dette sitatet:

«Men det var jo hun som var den egentlige idioten. Tenk at noen bare fortsetter å snakke slik at ingen forstår».

Når ein bur i eit land som Noreg, der vi er stolte av vårt dialektale mangfald, så må ein nesten legge det til grunn for språkleg interaksjon. Eg kjende at eg vart direkte provosert av korleis det går an å ytre seg så nedlatande og egosentrisk i møtet med andre menneske? Sarromaa, som er ei høgt utdanna kvinne og som stadig kjem med ytringar i media om kva som er rett og gale, bør kunne gå i seg sjølv og sjå dette frå den andre sida. Når ein kjem til eit nytt land, så er det forventa at ein skal lære seg språket; og når ein kjem til ei ny bygd eller ein ny by, så er det forventa at innflyttaren skal lære seg å forstå måten dei pratar på der. Det tenkjer eg berre er å vise grunnleggande respekt og audmjukhet til staden og folka ein møter.

«Jeg er innstilt på at om jeg må reise til Jæren, så må jeg bruke migrenemedisin for å slippe å få hodepine av taletmålet der. De bruker så mye tonem to at de høres forutrettet når de snakker. Det er en ordentlig sutredialekt»

Eg undrar meg òg på korleis Sarromaa tek på seg ansvaret for å skulle tale for alle som innvandrar til Noreg, i synet på dialekt, men det er jo fint at ho har ein slik kunnskap om kva absolutt alle innanfor ei mangfaldig befolkningsgruppe skulle meine om eit tema:

«Mange nordmenn synes dialekter er noe å være stolt av. Mange, spesielt vi innvandrere, syne at dialekter er Satans verk.»

Sarromaa går òg inn på Frode Grodås, fotballspelaren frå Hornindal, som vart løfta fram som døme på ein person som endra dialekta si, i NRK-programmet dialektriket:

«Mange i hans hjembygd ble oppriktig skuffet da han – etter å ha blitt lærer i Lillestrøm – ikke lenger snakket like uforståelig som dem. Det burde da være en fordel at elevene hans forstod hva han sa…»

Eg jobbar sjølv som lærarvikar i Trondheim, og kjem frå ei bygd i Sogn og Fjordane. Når eg pratar med elevane mine, så pratar eg på dialekta som eg alltid har gjort. Elevane får eit innblikk i korleis vi har eit språkleg mangfald i Noreg, og dei lærer noko om meg som person, samstundes som at dei sjølve òg vert bevisste på korleis dei pratar. Nok ein gong viser det at Saromaa har eit syn på dialekt og språk som ikkje høyrer heime i eit moderne samfunn, der vi skal respektere kvarandre sin identitet og kultur. For språk er nettopp ikkje berre eit kommunikativt medium; det er ein formidlar av identitet, tilhøyrsle og kultur. Då kunne alle i verda ha snakka Esperanto, så slepp vi kommunikasjonshinder, men det handlar jo ikkje om det; språk og dialekt er kultur og identitet.

Eg gjekk sjølv eit år på skule i Tyskland, nærare bestemt i Bayern. Tyskland har nett som Noreg eit stort mangfald av dialekter, og det var verkeleg fascinerande å kome til eit land med eit stort dialektalt mangfald. Tysklæraren min snakka på tjukt Bayersk, og det var så klart utfordrande å forstå kva han sa i byrjinga, men eg spurde om ord og uttrykk, og ba andre om hjelp der eg sleit mest. Eg viste både medelevane mine, og læraren min den respekten dei fortente då eg var i deira by; eg ynskja å forstå kven dei var og passe inn i samfunnet deira; og då var det minste eg kunne gjere, å kome dei språkleg i møte. Ein skilnad mellom Noreg og Tyskland er derimot at dialekter ikkje i like stor grad er akseptert som i Noreg. Difor vil ein sjeldnare oppleve dialektmangfaldet i praksis, noko som fører til at dialektene forsvinn i høgt tempo, nett som i Danmark.

Å lære seg språket til innbyggjarane der ein kjem er respekt for andre – høflegheit, rett og slett. Eg håper at vi framleis i 2021 kan ha eit språkmangfaldig land, der vi møter kvarandre med openheit og respekt, uansett kva dialekt ein skulle ha. Eg kjem i alle fall til å halde på dialekta mi, som viser at eg kjem frå Nordfjordeid, og seier så mykje om kven eg er.